Hopp til innhold

No skal dei unge politikarane i elden – og du kan bli med

Tysdag klokka 15 er det dei unge politikarane som møtes til debatt. Åstaden er Stryn vidaregåande skule og du er hjarteleg velkomen dit som publikum.

Debatt om den vidaregåande skulen

DESSE ER MED: Oppe f.v. Torbjørn Vereide (Ap), Yrla Klein (SV), Lise May Sæle (H), Daniel Gangeskar (V), Tore Storehaug (KrF) og Aleksander Øren Heen (Sp).

Vallogo

Tema for debatten, som blir sendt direkte på radio og nett-TV, er den vidaregåande skulen. Eit heilt sentralt spørsmål er kva som er framtida for skulane i Sogn og Fjordane, særleg sett i lys av den opprivande debatten om skulane i 2013.

Debatten om vidaregåande opplæring vil kome på ny, då elevtalet held fram med å gå nedover og fylkeskommunen skal kutte millionar, også innan opplæring.

Silje Guddal

LEIAR DEBATTEN: Silje Guddal, som til vanleg jobbar på NRK sitt kontor på Nordfjordeid, skal leie debatten på Stryn vidaregåande skule.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I sommar stod om lag 150 elevar utan lærlingplass. No er talet nede i om lag 80. Kva vil politikarane gjere med denne situasjonen? Vi skal og diskutere fritt skuleval, og elevar ved Stryn Vidaregåande skal stille spørsmål om det dei lurer på.

– Debatten er open for alle, og vi vonar at flest mogleg tek turen til Stryn vidaregåande skule for å vere publikum. Med så mange dyktige ungdomspolitikarar klare, vil det bli ein spennande time med viktige politiske spørsmål, seier debattleiar Silje Guddal.

Valdebatt Stryn

DESSE ER MED: Oppe f.v. Torbjørn Vereide (Ap), Yrla Klein (SV), Lise May Sæle (H), Daniel Gangeskar (V), Tore Storehaug (KrF) og Aleksander Øren Heen (Sp).

Foto: NTB Scanpix / NRK