Hopp til innhold

Dei er landets tredje beste i matte

I den nasjonale mattekonkurransen Unge Abel imponerte niandeklassingane frå Gloppen stort.

vinnarar ungabel

FORNØGDE: Glade og fornøgde og med god grunn. Dei feira 3.-plassen med alkoholfrie drinkar i baren. Frå venstre: Håkon Fjellestad, Greta Gjengedal, Sofia Hyttedalen og Matus Unterfranc.

Foto: Eivind Skauseth

I januar vart laget frå 9C ved Gloppen skule best i matte i fylket. Denne veka var det tid for den nasjonale runden.

– Dei har gått gjennom eit breitt spekter av matematiske oppgåver. I tillegg har dei løyst ei praktisk oppgåve og framført eit prosjekt, fortel rektor Ragnhild Burvoll. Ho er stolt over elevane.

Svært jamt i finalen

– Det var veldig spennande å følge med, det var jo så jamt, fortel lærar Siren Konstanse Toen. Etter fjerde, og nest siste, oppgåve var det eit halvt poeng forskjell mellom laga.

– Dei var ganske nervøse, men eg trur dei sov godt.

Mange oppgåver

Sjølve konkurransen starta dei med i januar. Sofia Hyttedalen, Greta Søreide Gjengedal, Matus Unterfrac og Håkon Fjellstad i 9C danna eit lag. Så var det lokale konkurransar. I går var det semifinale. Då vart dei nummer to av dei 19 fylka. Men i dag starta laget med blanke ark og enda på tredjeplass etter Nord Trøndelag og Akershus.

– Eg trur dei synest det var litt surt å ikkje vinne når dei var så nære, men dei er sjølvsagt veldig fornøgde med å vere tredje beste i landet, fortel.

Som premie vann dei 3000 kroner som går direkte til klassekassa. Kva pengane skal brukast til er ikkje bestemt enno.