Hopp til innhold

Byggjer ny fjøs til 60 kyr for 12 millionar

BREIM (NRK): Mjølkebruka i fylket er dobbelt så store innan ti år, spår TINE. I dag blir det produsert 120.000 liter mjølk per bruk. Om ti år vil det kome opp i 250.000 liter. Arne Einar Reed (50) frå Breim er ein av dei som skal byggje nytt og stort.

Arne Einar Reed

NYBYGG: Gardbrukar Arne Einar Reed gler seg til å få bytte ut den gamle båsfjøsen med ein ny stor lausdriftsfjøs med robotmjølking.

Foto: Bård Siem / NRK

Fjøsteikningane er klare og om nokre månader blir spaden sett i jorda. Arne Einar Reed (50) sin nye lausdriftsfjøs vil ha plass til 60 mjølkekyr, 50 oksar og mange kalvar. Kostnadsoverslaget er på vel 12 millionar kroner.

Jo Helge Sunde

VEKST: Innan 10 år vil mjølkebruka i Sogn og Fjordane vere dobbelt så store som i dag, trur Jo Helge Sunde, prosjektleiar i Tine.

Foto: Bård Siem / NRK

Planen er å produsere ein halv million liter kumjølk i året. Reed produserer i dag 130.000 liter, og for å kunne produsere ein halv million liter i året, må han kjøpe og leige kvotar.

– Dersom er skal byggje nytt må eg gjere det no. Det har med min eigen alder og neste generasjon å gjere, seier han.

Forbod mot båsfjøs i 2024

Prosjektleiar i Tine, Jo Helge Sunde, fortel at Reed er ein av mange bønder i fylket som satsar stort.

Arne Einar Reed

Arne Einar Reed studerer fjøsteikningane. Den nye fjøsen vil koste 12 millionar kroner og ha plass til 60 kyr, 50 oksar og mange kalvar.

Foto: Arne Einar Reed / NRK

– Dei siste åra er det kvart år bygd mellom 10 og 12 store robotfjøs. I fjor vart det bygd heile 14 slike fjøsar i fylket, seier han.

– Kva er årsaka til at det blir bygd så mange nye store fjøsar i Sogn og Fjordane?

– Ein viktig grunn er dei nye krava som gjeld frå 2024, då dei aller fleste mjølkekyr skal over på lausdrift. I tillegg er stell av nye fjøsar med mjølkerobot langt mindre arbeidskrevjande. Klart det er lokkar bøndene, seier han.

Stor pågang

Anton Kandal i Kandal Bygg fortel at det er stor pågang etter nye, store fjøsbygg.

– Vi byggjer hovudsakleg fjøsar som har plass til mellom 40 og 60 mjølkekyr. Samanlikna med nokre år sidan er dette veldig store fjøsar, seier han.

Anton Kandal

STOR PÅGANG: Anton Kandal i Kandal Bygg blir kontakta av mange bønder som ønskjer å få bygd nye store fjøsar.

Foto: Bård Siem / NRK

Vi byggjer stort sett fjøsar som har plass til mellom 40 og 60 mjølkekyr.

Anton Kandal

Firedobling på 30 år

For 20 år sidan var den gjennomsnittlege mjølkekvoten i fylket 60.000 liter, i dag er den 120.000 liter og om 10 år vil kvoten kome opp i 250.000 liter, trur Sunde.

– Likevel vil Sogn og Fjordane ha dei minste mjølkebruka i landet. Det vil vi truleg ha for all framtid, seier han.