Hopp til innhold

Otoo og Patronen sikra viktig bortesiger for Sogndal

Sandnes Ulf - Sogndal 1-2: To tidlege mål av Sogndal sørga for siger mot Sandnes. Men Hødd sigra også, og ligg to poeng bak Sogndal på tabelltoppen.

Mahatma Otoo

SØRGA FOR LEIING: Mahatma Otoo skåra etter berre tre minutt i Sandnes.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

95 minutt: Kampen er over, etter ein 2. omgang der Sandnes Ulf har pressa hardt på for å utlikne.

60 minutt: Aksel Berget Skjølsvik reduserer for Sandnes Ulf, målgjevande pasning frå toppskårar Pontus Englom.

Etter 26 minutt auka leiinga til 0-2, etter ein corner frå Tajo Teniste, som når Rune Bolseth. Hannu Patronen går i lufta og headar inn tomålsleiinga.

Mahatma Otoo gav Sogndal ein pangstart i bortekampen mot Sandnes Ulf. Etter berre tre minutt spelt, sette han ballen i mål.

– Slår vi Sandnes Ulf, så får vi stadfesta at vi er blant dei to opprykksfavorittane, seier Sogndal-spelar Ulrik Flo før toppoppgjeret i Rogaland.

Sogndal Fotball har ikkje gode minne frå førre bortekamp mot Sandnes Ulf. I fjor vart det 1–0 til heimelaget – fire rundar før slutt.

  • SJÅ LAGOPPSTILLINGA NEDERST I SAKA.

– Eg trur ikkje det er mange som tenkjer på kampen i fjor. Ting var annleis då, seier Ulrik Flo.

– Blir ein prøvelse

Det er sikkert og visst. For det som siste åra har vore botnoppgjer i eliteserien, er eit toppoppgjer i årets 1. divisjon. Motgang er snudd til medgang og laga er stinne av sjølvtillit.

Kampen er full av kontrastar frå i fjor, men også likskapar. Som i fjor ligg Sandnes Ulf to plassar bak Sogndal. I år skil det fem poeng – ikkje seks.

Sogndal i duell

KLAR: Ulrik Flo har funne seg til rette som midtbanespelar. – Eg trivast betre som midtbanespelar enn spiss. Eg får vere meir i ballen, kan vere med på oppbygginga og så trivast eg med å kunne komme luskande bakfrå inn i feltet, smiler Flo.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Laget som vinn i Sandnes vil ta ein av dei to plassane som gir direkte opprykk. Sandnes Ulf blir ein prøvelse for å oss, seier Flo.

Får ikkje spele

Sogndal er serieleiaren i dagens oppgjer. Sandnes Ulf er uovervunnen. Mykje takka vere divisjonens toppscorar med åtte mål, Pontus Engblom.

Sogndal-Sandnes Ulf

KJENDE: Tonny Brochmann får ikkje møte gamle lagkameratar i Sogndal.

– Dei er godt organiserte, og det seier sitt at dei ikkje har tapt i år. Men vi har ein solid tryggleik i laget, og det må vi utnytte. Tek vi leiinga, så skal vi bli vanskelege å slå, held Flo fram.

– Det blir ein spennande og tøff kamp, der begge lag går for å ta alle poeng. Men slik vi spelar no, og med kvalitetane vi har, så trur eg vi sigrar, svarar Tonny Brochmann.

Får ikkje spele

Dansken var Sogndal-spelar i mange år, men skifta beite etter fjorårssesongen. Han har funne seg godt til rette i Rogaland, og har etablert seg som fast inventar på Bengt Sæternes sitt lag.

– Eg har høyrt mykje positivt om årets Sogndal-lag, og eg er spent på å sjå korleis dei spelar i høve til fjoråret, seier han.

Rune Bolseth

FRÅ START: Rune Bolseth er tilbake på midtbanen mot Sandnes Ulf.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

For sjølv må han følgje kampen frå tribunen.

– Eg fekk ein strekk i øvre del av låret i cupkampen mot Arendal. Det skal skje eit mirakel om eg spelar. Det er sjølvsagt skuffande. Eg har sett fram til Sogndal-kampen i heile år, avsluttar han.

SOGNDAL: Stefan Hagerup - Taijo Teniste, Hannu Patronen, Christophe Psyché, Victor Grodås - Lars Christian Kjemhus, Rune Bolli Bolseth, Babacar Sarr, Petter Strand - Ulrik Flo, Mahatma Otoo

BENKEN: Kristian Rutlin, Eirik Skaasheim, Bjørn Inge Utvik, Jim Johansen, Kristian Fardal Opseth, Robin Shroot

Laster innhold, vennligst vent..