Hopp til innhold

Bli med på årets julekalender!

Kvar dag fram mot jul serverer me julestemning, hjernetrim og gode idear til munngodt. Og du kan vera med i trekninga av flotte premiar.

Jul i Movika - kjem snart! Foto: Alf Vidar Snæland

KJEM SNART: Kvar dag frå 1. desember kan du opne ei ny luke i kalenderen vår. Kokk Steinar Lindstrøm og programleiar Gro Ravnestad byr på utfordringar kvar dag. Her får du ein liten smakebit på det som kjem!

– Lutefisk! Får eg ikkje lutefisk så er det skilsmissegrunn!, seier kokk Steinar Lindstrøm, med eit blikk salig som i eit englekor.

Diskusjonen går varm i ei lita hytte på Sunnfjord museum. To programleiarar prøver fånyttes å verta einige om kva som er den mest gildaste julematen.

Gro Ravnestad treng ikkje tenkje seg om.

– Det må jo vere ribbe, det blir ikkje jul utan ribbe. Og sjokolade. Det blir ikkje jul utan. Hehe ...

Handlar om mat og tradisjonar

Blide programleiarar inspiserer ei gryte med graut som putrar jovialt på ein liten komfyr, medan praten går på settet til den nye julekalenderen til NRK Sogn og Fjordane.

Ute er det grå dis i lufta, og lukt av vedfyring og frost heng over hustaka. Inne i det vesle trehuset blafrar skuggane frå raude stearinlys og godlynte pyntenissar sit og ser på arbeid og opptak.

På museet på Sunnfjord har dei snart baka, koka, pynta og smaka seg gjennom alle lukene i kalenderen, og håper å ha ei god blanding av passeleg vanskelege spørsmål til sjåarar og lyttarar gjennom heile advent.

– Det handlar om mat og mattradisjonar, og så skal me snakka om juletradisjonane. Me håper å læra vekk litt av det Steinar kan, seier programleiar i NRK Gro Ravnestad.

– Steinar er ein erfaren kokk, og har mange tips om korleis me lagar den maten me skal snakka om, forsikrar ho.

Steinar Lindstrøm og Gro Ravnestad

Kokkelærar Steinar Lindstrøm og programleiar Gro Ravnestad byr på mange oppgåver i førjulstida.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Noko for alle

– Det er jo ikkje meininga at spørsmåla skal vera alt for vanskelege. Med vanskelege spørsmål får me færre telefonar og epostar med svar. Og Gro syns jo det e er kjekt å få masse telefonar, seier kokk Lindstrøm og flirer. Programleiar Ravnestad er einig.

– Eg har av og til lurt på om det er for enkelt. Men så kan det jo vera at nokon som veit mykje om ein ting, ikkje har peiling på den neste, seier ho.

Dei to trur og håper dei har greidd å setja saman noko som kan passa for alle.

– Trur de at folk er flinke til å laga julematen sin heilt frå botnen?

– Både òg. Det går nok litt på kompetanse, og så har jo mange det ganske travelt. Eg trur heller ikkje alle tør, så mykje har nok gått i gløymeboka. Det skulle vore friska opp i skulen syns eg, meiner Lindstrøm.

Gro Ravnestad er einig i at skralt med tid og kunnskap kan gjera det vanskeleg for mange å laga alt frå botn, men foreslår ein gyllen middelveg.

– Eg trur det kan vera fint å ha nokon spesialitetar, utan at ein treng å gjera alt frå botn av. Det kan vera sylteflesk eller julepølse eller lefse? Ein kan gjera eit par ting, det er ikkje naudsynt å gjera alt, meiner ho.

Tradisjonar og utvikling

Gro Ravnestad og Steinar Lindstrøm

LAGAR JULESTEMNING: Programleiar Gro Ravnestad og kokk Steinar Lindstrøm inviterer deg med på førjulskos og spennande oppgåver.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Me har tradisjonelt pinnekjøt til julemiddag, på grunn av kona mi som er frå dette distriktet. Men eg er van med lutefisk frå gamalt av, seier Lindstrøm.

Han får ikkje lenger lutefisk på julaftan, men det er no fast tradisjon på 1. juledag. Kokken tykkjer det er spanande korleis tradisjonar forandrar seg når folk kjem saman.

– Tradisjonar har blitt til gjennom krysningar. Tenk deg ein fiskar som reiser langs kysten. Han treff ei jente, så flyttar han eller så flyttar ho, og dei tek med seg skikkane sine og blandar. Mattradisjonar og utvikling er uhyre interessant, seier den entusiastiske kokken.

Pausen er snart slutt, og det er på tide å gå tilbake til arbeidet. Gro Ravnestad myser oppi den dampande gryta:

– Korleis går det med grauten du?

– Han er no varm snart, nykokt og fin, seier ho.

Kamera vert slege på, og paret gjer seg klar til å filme neste gastronomiske finte.

Vi lokkar med fine premiar

Kva kan du om julemat og tradisjonar?

Heile advent kan du testa kunnskap, læra noko nytt og få inspirasjon til eigen kjøkenbenk. Kvar dag vert det trekt ein vinnar på radio og nett som får eit julekrus med snop.

Hovudpremien er eit besøk av sjølvaste Lindstrøm og Ravnestad som kjem heim til den heldige og førebu eit betre måltid.

Skjerp sansane og hiv deg med, 1. desember er me i gang.

Movika

BLI MED: Det blir jul i Movika heilt til julaftan. Bli med du også!

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK