Julekalenderen til NRK Sogn og Fjordane

Bak dei 24 lukene skjuler det seg oppgåver du kan bryne deg på. Vi kan lokke med fine premiar!

Gro Ravnestad og Steinar Lindstrøm

LAGAR JULESTEMNING: Programleiar Gro Ravnestad og kokk Steinar Lindstrøm inviterer deg med på førjulskos og spennande oppgåver.

Foto: Alf Vidar Snæland

Årets julekalender frå NRK Sogn og Fjordane skal handle om julemat og juletradisjonar. Heile advent kan du teste kunnskap, lære noko nytt og få inspirasjon til eigen kjøkenbenk.

Kokk Steinar Lindstrøm og programleiar Gro Ravnestad tek turen til Sunnfjord Museum i Movika for skape ekte førjulsstemning.

Kvar dag i desember fram til julaftan kjem ei ny oppgåve du kan bryne deg på. Bli med du også! Kvar dag vert det trekt ein vinnar som får eit NRK-krus med julesnop.

Hovudpremien er eit besøk av sjølvaste Lindstrøm og Ravnestad som kjem heim til den heldige og lagar eit betre måltid!