Hopp til innhold

No får du ikkje brenne båten din på bålet

Er du ein av dei som brukar jonsokbålet til å kvitte deg med det som måtte vere av avfall? Det bør du ikkje gjere, oppfordrar fylkesmannen.

Bål Lærdal

ILLUSTRASJON: Jonsokbål skal ikkje nyttast til å bli kvitt alt mogeleg avfall.

Foto: Jan Christian Jerving

Fylkesmannen har sett fleire eksempel på at jonsokbål blir brukt som metode for å bli kvitt avfall.

Anne Sigrid Loftesnes Harjo skriv på fylkesmannen sine nettsider at dette er uheldig for både helse og miljø.

Ho oppfordrar dei som vil feire kvelden med eit jonsokbål bør bruke reint trevirke og unngå avfall som båtar, møblar og impregnert treverk.

Giftig røyk og oske

Kastar du ulikt avfall på bålet kan det forårsake ureina avgassar og oske.

– Dersom avfall vert brent på jonsokbålet vert det frigjort giftstoffer. Desse stoffa vil då inngå i avgassar og oske frå bålet. Eit eksempel på dette er impregnert treverk. Ved brenning vert det danna både giftig røyk og giftig oske.

Vindaugskarmar frå 60- og 70-åra kan innehalde miljøgifta PCB, og skal handterast som farleg avfall.

– Spesielt gamle båtar, både av plast og tre, inneheld ulike typar impregnering, og høyrer ikkje heime på eit jonsokbål, skriv Loftesnes Harjo.

Brenn reint tre

For dei som sit med avfall som ikkje kan brennast på bålet, er det difor berre eitt alternativ:

– Det skal ikkje brennast på jonsokbålet, men leverast til eit godkjent mottaksanlegg. Reint tre på bålet er det hyggelegaste, både for tilskodar og miljøet, meiner ho.

Ho oppfordrar også å ta hensyn til brannfaren i jonsokfeiringa.