Hopp til innhold

Ser ikkje snurten av noko stabilt høgtrykk

Er du ein av dei som startar ferien din til helga? Då bør du pakke for både regn og kjølig vêrtype, skal vi tru meteorologen.

Sandane

JONSOK: Slik var det på Sandane på jonsokaftan i fjor. Det er høgst usikkert om dei får sjå sola like mykje i år.

Foto: Helen Ripe Lemoen

Mange gler seg både til feriestart og til jonsokfeiring søndag. Men det kan bli våte og kjølige opplevingar, slik prognosane ser ut no.

– Tradisjonen tru, får vi nesten seie, så byr ikkje jonsok på det store sommarvêret, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga for Vestlandet, Karsten Eitrem.

I Sogn og Fjordane er det dei fleste stadar meldt regn og overskya i helga, og sjølv om temperaturane kan krype oppi 20 grader, så søkk dei fort når regnet kjem.

Lovar gråvêr

– Det er ikkje grunn til å tvile på prognosane for Sogn og Fjordane, det ser ut til å bli gråvêr, seier Eitrem.

Han peikar likevel på at ein ikkje treng å ta alle sorger på forskot, for gløtt av sol, vil det mest truleg bli. Men ikkje så lenge om gongen.

– Det er ikkje noko stabilt vêr å vente i nokon delar av landet, i grunn. Eg har ikkje betre nyheiter. Men det vil sjølvsagt alltid vere opningar, seier Eitrem.

Prognosane syner at det skyar til på kvelden torsdag, og einskilde stadar på Vestlandet kan det komme både regnbyer og tore.

Ikkje dei store temperaturane

Det kjem ein del varm luft frå Europa, men den litt aust for Sør-Norge.

– Og då trekkjer den med seg ein del regn. Det er ingen tør tretimers periode fram til måndag, seier Eitrem.

Men han understrekar at det framleis er nokre dagar fram til helga, og at ting kan endre seg raskt.

– Og eg har tru på rundt 20 grader mange stadar på søndag, seier Eitrem.

Trur det blir betre på seinsommaren

Sjølv har han tru på at dei som har ferie i siste periode, vinn vêr-lottoen i år.

– Det er iallfall alltid lov til å håpe, seier Eitrem lurt.

Han har mindre godt å komme med for dei neste to-tre vekene, iallfall dersom ein skal tru langtidsprognosane.

– I veke 26 ser det ut ti å liggje på normalen når det gjeld temperatur, medan det vil vere litt over normalen når det gjeld nedbør, seier Eitrem.

Heller ikkje veke 27 ser veldig lovande ut, der er det også venta noko meir nedbør enn normalen.

Litt av kvart vêrslag

– Men i veke 28 kan det sjå ut til at det skal bli litt over normalen når det gjeld temperatur, og litt under normalen når det gjeld nedbør, seier Eitrem.

Dermed vert konklusjonen at både regnklede og litt varme klede kan vere lurt å ha i bagasjen, iallfall viss du reiser innanlands.

– Det er ikkje teikn til stabilt høgtrykk over Sør-Norge. Det blir veldig vekslande og varierande frå dag til dag, seier Eitrem.