Hopp til innhold

Brente avfall i ulovleg jonsokbål

Eit stort bål som mellom anna inneheld giftige målingspann og brannsløkkingsaparat, vart brent på eit industriområde i Måløy jonsokafta.

Fleire som var ute for å feira midtsommarnatta reagerte på den voldsomme røyken i området.

Bjarne Eldevik seier han er sjokkert over det han fann då han i ettertid såg på restane av bålet.

– På den eine branntomta var det gamle maling- og oljespann som ligg i bålet og som var brent. Det var vaskar, badekar, brannsløkkinsapparat, jarn og skrot, fortel han.

Reagerte på all røyken

For på nokre industriområde på Raudeberg vart det brent store bål som la eit teppe av grå røyk over området. Det fortel Andreas Kupen som feira jonsok på andre sidan av fjorden

– Eg såg massse tjukk røyk over heile sundet.

Inga vanleg jonsokfeiring

Bjarne Eldevik som var ute for å ta bilete av jonsokfeiringa, stussa også over all røyken, særleg frå eit av båla. Han kunne heller ikkje sjå nokon form for folkeliv på industriområdet.

– Det var ikkje folk tilstades. Det var ingen vanleg jonsokfeiring med ungar, pølser og brus.

Då han neste dag oppdaga at det litt fullt av restar etter spesialavfall, reagerte han.

- Dette tykkjer eg ikkje noko om. Det forureinar og det blir ei forferdeleg lukt.

– Andre må ha putta det i bålet

Ronny Almenning som er talsmann for verksemda som eig området der bålet var, seier dei hadde søkt kommunen om løyve til å brenne gamalt trevirke. Og han har ingen anna forklaring på korleis malingspann har havna i bålet enn at folk må ha putta det i bålet utan at dei har merka det.

Godkjende bålet

Varabrannsjef i Vågsøy, Kim Hjelle, seier dei godkjende bålet.

- Det er oppsamla trevirke dei har hatt sidan nyttår og som dei har fått lov å brenne opp på jonsokafta. Dermed slepp vi å ha bål kvar einaste dag heile året.

– Kontrollerer de at dei brenn berre det?

– Nei, det er heilt umogeleg å kontrollere kvart einaste bål. Dersom nokon har lurt nokon inni, har vi ingen garantier for det.

Seier kommunen braut lova

Seksjonsjef Pål Spillum seksjonsjef i Klima og Forureiningsdirektoratet seier at slike bål skal ikkje forekomme. Han seier kommune braut lovverket då dei gav løyve til at industriverksemder kunne brenne avfall på bål.

– Bedrifta kan ikkje brenne avfallet sitt. Det er nøydde til å søkje oss om eit løyve. Det har med forureiningsfaren å gjere og i tillegg finns det eit veldig godt system for å ta imot den type avfall.

Likevel vil det truleg ikkje få konsekvensar verken for kommunen eller den ansvarlege for bålet. men Vågsøy kommune må skjepe seg og halde seg til reglane i framtida.

– Mange av regelverka kan vere kompliserte, men dette bør kommunen vere klar over, seier Spillum.

– Kan få konsekvensar

Men konstituert rådmann i kommunen, Olav Horn seier dette kan få konsekvensar for både brannsjefen og bedrifta.

– No er saka slik at eg ikkje kjenner den konkret. Men eg tek avstand frå dette viss nokon har brot lover og føreskrifter. Det kan ikkje Vågsøy kommune akseptere. Eg må gå inn i saka og finne utva som har skjedd. Utfrå det må eg vurdere eventuelle konsekvensar.