Hopp til innhold

Ber om hjelp for å finne ut korleis hagen til Astrup såg ut

Eit omfattande arbeid er no i gang for finne ut korleis hageanlegget til kunstnaren Nikolai Astrup såg ut.

No har ein landskapsarkitekt og ein kunsthistorikar sett i gang eit omfattande arbeid for å finne ut korleis hageanlegget VAR i Astrup si tid.

Astrup måla mange av sine motiv frå hagen sin i Astruptunet i Jølster. No skal kunsthistorikar Tove Kårstad Haugsbø og landskapsarkitekt Ingeborg Mellgren Mathisen finne ut korleis hagen var på Astrup si tid, og korleis den framstår i dag

– Vi har no byrja eit registreringsarbeid for å kartlegge kva som er her i dag av tre, urter, blomster stauder, naturlege og kulturplanter, seier Ingeborg Mellgren Mathisen.

Kunstnarhagen

I 1912 flytta kunstnaren Nikolai og kona Engel til Sandalstrand på sørsida av Jølstravatnet. Trass skrantande helse la Astrup ned ein stor innsats i å forme dei bratte bakkane.

Etter 10 år var Astrup såpass nøgd med hagen at den blei eit hovudmotiv i kunsten hans heilt fram til han døydde i 1928.

– Det er mykje som fascinerer med Astrup. Det som har gripe meg i arbeidet med doktoravhandlinga er Astrup sin landskapskunst, og då særleg den seine produksjonen hans, seier kunsthistorikar Tove Kårstad Haugsbø.

Ingeborg Mellgren Mathisen og ove Kårstad Haugsbø (t.h)

FORSKAR PÅ ASTRUPHAGEN: Landskapsarkitekt Ingeborg Mellgren Mathisen og kunsthistorikar Tove Kårstad Haugsbø (t.h.)

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Manglar kunnskap

– Ein har forska på biografien til kunstnaren, og ein har sett på bileta hans. Men den seine perioden har eigentleg blitt oversett i tidlegare forsking, seier Kårstad Haugsbø.

Ein har kunnskap om husa, men hagen som var eit viktig prosjekt for Astrup, kjenner ein lite til.

– Det er viktig å sjå hagen og kunsten hans samanheng fordi dette er ein heilt unik stad som det er blitt forska lite på.

Ber publikum om hjelp

No skal landskap og planter granskast nøye mot måleria. Kunsthistorikaren og landskapsarkitekten vil finne ut kva som var, og kva som er att av hagen til kunstnarheimen i Jølster, og til det treng dei hjelp.

– Vi er interesserte i fotografi, i historier om livet til Astrup i dette anlegget, slik at vi får kjennskap til korleis han hadde det, og korleis han såg på si oppgåve her i tunet. Og korleis det såg ut, seier Mellgren Mathisen.

Astruptunet

ASTRUPTUNET: Slik ser det ut i dag

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Men om det betyr at anlegget skal tilbake i original stand, er uvisst.

– Det kan vere ein draum at ein kanskje skal gjere det, men eg veit ikkje heilt. Ein vil aldri få Astrup og Engel hit igjen, ein vil aldri få barneføtene som spring her. Det er eit museum og ikkje ein heim.