Etter å ha møtt representantar frå regjeringa og Stortinget i Oslo, kom delegasjonen på 11 frå Romania til Førde. Der møtte dei Fylkesmann Anne Karin Hamre og representantar få barnevernstenesta.
Saka der eitt norsk-rumensk foreldrepar vart fråtekne dei fem borna har sett sinner i kok over heile verda. Foreldra er sikta for vald.
– På mine 25 år i politikken har eg aldri opplevd at ei sak har vekt så store kjensler. Hundre- og tusenvis av folk har protestert i gatene, seier Marian Vasiliev, senator for likestilling i det rumenske parlamentet.
Massive protestar
På sosiale medium og i utanlandske tv- kanalar og aviser har det vore sett fram påstandar om at barnevernet greip inn fordi familien, som er aktive kristne, dreiv med religiøs indoktrinering.
Difor meiner støttespelarane at det norske barnevernet hindrar foreldra å gi borna ei kristen oppdraging. I fleire land, også Romania, har det vore store demonstrasjonar.
- Les òg:
For den rumenske delegasjonen var målet eit heilt anna:
– Å få endra avgjerda, seier den rumenske senatoren som leia delegasjonen.
– Ikkje normalt
Ein tidlegare utanriksminister og sju andre medlemmer av det rumenske parlamentet, besøkte Førde i dag. Utanlandske medium har også følgd saka tett. Difor hadde delegasjonen frå Romania følgje av den rumenske statskanalen.
Vasiliev presiserer at Romania har like strenge reglar for vald mot barn, men i likskap med mange andre er dei rumenske myndigheitene svært usamde i at barn kan takast ut av familien før saka er behandla i retten.
– Rumenarane vil respektere avgjerda til retten, men fram til dommen er sett er det ikkje normalt å ta ungane frå foreldra, seier Vasiliev.
Ulike ståstadar
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane nytta høvet til å gi informasjon om korleis det norske barnevernet og det norske systemet fungerer. Ein time vart sett av til at den rumenske delegasjonen fekk ytre sine meiningar i saka.
– Vi har gjeve dei generell informasjon utan at det er knytt til nokon spesiell sak. Og då har vi blant anna informert dei om rutinane barnevernet har her i landet når det er mistanke om vald, seier Hanne Sæbø i sosialseksjonen hos Fylkesmannen.
Men den rumenske delegasjonen held fast ved at dei meiner at det å ta borna frå foreldra er eit drastisk grep før foreldra har vore i retten.
– Vi oppfattar vel at vi har ulike ståstadar i høve til kva som er barns beste, seier Sæbø.