Hopp til innhold

Basehopparen funnen omkomen

Basehopparen som har vore sakna sidan i går kveld i Aurlandsdalen er no funnen omkomen.

Helikopter leitar i Aurland

LEITING MED HELIKOPTER: Det var svært vanskelege leiteforhold.

Foto: Arne v eum

Det var klokka 15.45 leitemannskapa fann den omkomne. Innsatsleiar Jorid Lien Nilsen seier til NRK at den omkomne vart funnen i om lag 140 meters høgde ikkje langt frå busetnaden i Vassbygdi.

Basehopparen hoppa ut frå ein topp som er rundt 1000 meter over havet, og forsvann ut av syne for kameraten han hoppa i lag med.

Den omkomne er no henta ned av mannskap som gjekk til fots opp til funnstaden.

Det vart raskt sett i gang ein redningsaksjon då politiet klokka 20.20 søndag kveld fekk melding om at ein basehoppar var sakna ved fjellet Eisingane som ligg like over Vassbygdi i Aurlandsdalen.

Tre omkomne i sommar

No er mannen i 30-åra funnen omkomen, og dermed er det klart at tre basehopparar har mist livet i Aurland kommune denne sommaren.

Politi ogRøde Kors-folk i Aurland

LEIA LEITEAKSJONEN: Frå v. Arne Løland og Trygve Skjerdal, begge Aurland Røde Kors, og politiførstebetjent Jorunn Furuheim.

Foto: Arne Veum