Hopp til innhold

Ingen spor etter sakna basehoppar

Det er tidleg måndag morgon ikkje gjort funn etter basehopparen som er sakna i fjellområdet ved Vassbygdi i Aurlandsdalen. Søket vart starta opp att i 08-tida.

Luftambulansen er på plass i Vassbygdi for å gjere søk etter den sakna basehopparen

GJER SØK: Luftambulansen er i 08-tida måndag morgon på plass i Vassbygdi for å gjere søk etter den sakna basehopparen.

Foto: Arne Veum

Det vart raskt sett i gang ein redningsaksjon då politiet klokka 20.20 søndag kveld fekk melding om at ein basehoppar var sakna ved fjellet Eisingane som ligg like over Vassbygdi i Aurlandsdalen.

Mannen hadde hoppa saman med ein kamerat, og då han ikkje kom ned som avtalt vart han meld sakna.

Operasjonsleiar Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier det har blitt gjort søk også i natt, men at det ikkje er gjort funn. I går kveld var det to helikopter i området, medan det i løpet av natta i hovudsak har blitt leita med mannskap på bakken.

– Det har vore gjennomført søk med Sea King-redningshelikopter og med luftambulanse. Det har også vore gjort søk i natt med mannskap frå Røde Kors og med hund frå Norske Redningshunder, seier Værøy til NRK.no like før klokka 05.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fjellet Eisingane i Aurlandsdalen

SAKNA BASEHOPPAR: Ein basehoppar er sakna i området ved fjellet Eisingane i Aurland. Lokalkjende fortel at det vanlege er at hopparane hoppar frå baksida av toppen midt på bilete, før dei kjem ned i ei ravine mot toppen som ligg til høgre i biletet.

Foto: Steve Elgåen

Tek opp at søket når det lysnar

Søket vart avslutta ved 03.30-tida, men vil bli starta opp att tidleg måndag morgon.

– I første omgang blir det starta opp med søk med luftambulanse når det lysnar. Meldinga kom så seint i går at det var mørkt då helikopteret kom inn der.

– Om dette ikkje fører fram vil vi prøve bruke ressursar frå den alpine redningsgruppa, seier operasjonsleiaren.

Like etter klokka 08 er luftambulansen på plass i området for å gjere søk.

Området der det blir gjort søk i er eit veldig krevjande område.

– Det var også difor ein valde avslutte søket med Røde Kors og hundar i natt, det var eit for krevjande område å ha søk i, seier operasjonsleiaren.

To dødsulukker på kort tid

Dette er den tredje leiteaksjonen etter sakna basehopparar i Aurland på kort tid. To gongar i sommar har basehopparar mista livet etter ulukker i den vesle kommunen.

Ordførar Noralv Distad sa etter dødsulukka for knappe to veker sidan at kommunen ville gå gjennom rapportane frå hendingane, men at kommunen førebels ikkje har teke stilling til kor vidt dei vil forby basehopping i området.

Distad seier til NRK.no i dag at han er uroa over utviklinga. No vil han ha nok ein grundig gjennomgang for å vurdere om kommunen skal innføre restriksjonar for basehopping i Aurland.