Hopp til innhold

Ordførar etter nok ei basehoppulukke: - Eg er uroa for utviklinga

Gårsdagens basehoppulukke i Aurland er den tredje sidan midten av juli. Ordførar Noralv Distad seier kommunen på ny vil vurdere kor vidt dei skal innføre restriksjonar for basehopping.

Noralv Distad om basehoppulukke ved Vassbygdi

UROA: Aurland-ordførar Noralv Distad er svært uroa for utviklinga med basehopping frå stadig nye stader.

Foto: Montasje: Steve Elgåen/NRK

– Min første reaksjon er at dette er svært tragisk, og det råkar mange personar. No veit vi ikkje utfallet enno, og vi får håpe at det kan gå godt, seier ordføraren til NRK.no og held fram.

– Men dette viser at det er ein risikosport, og at det dessverre er altfor mange ulukker og altfor mange uheldige hendingar.

Meld sakna av kamerat

For søndag kveld skjedde det igjen. Ein basehoppar vart meld sakna i dei stupbratte fjella i Aurland. Denne gongen var det ein mann som hadde hoppa frå fjellet Eisingane i Aurlandsdalen som ikkje kom ned som avtalt.

Det vart raskt sett i gang ein redningsaksjon, og i går kveld søkte både eit redningshelikopter og ein luftambulanse frå lufta, medan mannskap frå Røde Kors og Norske Redningshunder gjorde søk på bakken.

Ved 08-tida måndag morgon er det framleis ikkje gjort funn, og ein startar no opp att søket med helikopter.

Området der søket blir konsentrert blir skildra som svært krevjande.

(Artikkelen held fram under biletet)

Luftambulansen er på plass i Vassbygdi for å gjere søk etter den sakna basehopparen

GJER SØK: Luftambulansen er i 08-tida måndag morgon på plass i Vassbygdi for å gjere søk etter den sakna basehopparen.

Foto: Arne Veum

Tredje ulukka på kort tid

Basehoppulukka i går er den tredje på kort tid i den vesle kommunen. I slutten av juli omkom ein 25 år gamal mann frå Florø etter ei ulukke ved Skjerpi. Berre ein månad miste ein 40 år gamal mann livet i ei ulukke ved fjellet Fetanipa.

– Vi har hatt to ulukker med veldig tragisk utfall, og vi veit enno ikkje korleis det går med denne hendinga.

– Dette er veldig alvorleg, og eg synest vi no må ta ei grundig vurdering av situasjonen. Basehopping var før veldig konsentrert, men slik det no har utvikla seg, spreier det seg til veldig mange nye plassar. Eg er veldig uroa for at dette skjer, seier Aurland-ordførar Noralv Distad.

– Uheldig utvikling

Luftambulansen søker etter sakna basehoppar i Aurland

KAN HA HOPPA HER: Gjelet i bakgrunnen heiter Kalvasvelgjen. Etter det NRK forstår skal mannen ha hoppa i dette området.

Foto: Arne Veum

– I utgangspunktet har dei som hoppar sjølvsagt ansvaret for kva dei driv med, men i augeblikket verkar det som at sporten spreier seg til stadig nye plassar, og då er vi nøydde til å sjå på dette.

– Det involverer ikkje berre dei som hoppar, men det blir også krevjande for leitemannskapa og for ein liten kommune, seier Distad til NRK.no.

Etter dei to førre ulukkene har kommunen hatt ein gjennomgang av kva dei eventuelt skal gjere i høve restriksjonar og tiltak, men nok ei ulukke gjer at Distad vil sjå på dette endå ein gong.

– Vi har sett på dei to hendingane vi har hatt. Om dette no breier om seg, og det blir hopping frå ny plassar, så trur eg vi må sjå på om vi kan regulere det, eller setje inn andre tiltak.

– Det er vanskeleg å konkludere no, men dette er eit utvikling eg synest er uheldig. Både for sporten, og for kommunen som blir involvert, dei som opplever hendingane, og dei som blir kalla ut når ulukkene skjer, seier ordføraren.

Arne Løland i Røde Kors informerer politiet

KREVJANDE OMRÅDE: Arne Løland i Røde Kors informerer politiet om søkeområdet.

Foto: Arne Veum