Utstnitt av eit av sjølvportretta til Astrup.
Jon Christian Brynildsen sat med ein pen slump pengar etter å ha selt ut fleire skip, og eit reiarlag på slutten av 80-talet. Han valde å investere dei i Jølster-kunstnaren Nikolai Astrup. Med Astrup-kjennaren Øystein Loge som sporhund fekk han hand om svært mykje av det som var spreidd i norske heimar. Samlinga utgjer i alt 1.100 kunstverk. Dei største godbitane er dei 55 måleria.
Store verdiar
I utgangspunktet hadde Brynildsen over 200 millionar kroner som skulle investerast. Kor mykje han brukte er det få som veit. I 1996 slo Dagens Næringsliv fast at samlinga var taksert til mellom 250 og 300 millionar kroner.
Kva Sparebankstiftinga DNB NOR har betalt ønskjer verken dei eller Brynildsen å fortelje. Forretningsmannen har heilt sikkert ikkje gått i minus på investeringa.
Jon Christian Brynildsen under opninga av utstillinga i Jølster i 1995.
Tre-trinnsraketten
Då Brynildsen satsa på Astrup skal han og Øystein Loge hatt ein plan i tre ledd. Først måtte dei kjøpe opp Astrup, og det helst i det stille. Loge hadde skrive bok om kunstnaren, og kjente dei fleste som sat på kunstverka. Trinn to var å heve interessa i Noreg gjennom fleire utstillingar, noko som definitivt slo til på 90-talet. Til sist skulle kunstnaren lanserast internasjonalt. Dit hadde dei ikkje nådd då samlinga vart seld.
God hjelp av Loge
For mindre enn eit år sidan kritiserte Øysten Loge Nasjonalgalleriet for at dei ikkje hadde marknadsført Astrup nok i utlandet.
- Norske museumsfolk har ikkje fått augene opp for det store potensialet Astrup har utanfor landegrensene, meinte Loge, som i stor grad har stått for marknadsføringa av Astrup dei siste 10-20 åra. Mellom anna har han skrive fleire bøker om kunstnaren, og den siste av dei kom ut i haust.
Investoren Brynildsen og forfattaren og kunstkjennaren Øystein Loge har dermed hatt felles interesser gjennom mange år.
Signe Karin Øyre Brynildsen er tidlegare fylkeskultursjef i Sogn og Fjordane. Foto: Therese Grimstad Pisani
Gift med ex-fylkeskultursjef
Viss Brynildsen starta Astrup-investeringane for å tene pengar, så er det fleire ting som tyder på at andre ting kan ha blitt viktigare med åra. Salet til Sparebankstiftinga DNB NOR bryt med tanken om ei internasjonal lansering, som over tid kunne auka verdien av samlinga. Det å samle kunstverka i Bergen, i staden for å selje dei til høgstbydande, er heller ikkje nødvendigvis det beste viss målet var å tene pengar.
Etter at Brynildsen hadde kjøpt opp Astrup-kunsten vart han gift med Signe Karin Øyre Brynildsen. Ho var fylkeskultursjef i Sogn og Fjordane i omlag to år, også då Brynildsen viste fram kunsten sin på Astrup-tunet i 1995. Difor var det også naturleg for ex-stortingsrepresentant Lars Gunnar Lie å kontakte henne tidleg i prosessen med å få kunsten tilbake til Vestlandet. Den jobben lukkast han altså med, og fru Brynildsen blir ein sentral person i styret for kunstfondet som no skal administrere samlinga.