Kommunen ba innbyggarane melde frå dersom dei hadde ledig husrom. Responsen frå folket i bygda var enorm.
– Det er heilt fantastisk! Svært mange stiller opp og kjem med gode tilbod. Eg er veldig imponert og takksam for den haldninga bygdefolk har til å ta ansvar, seier Distad.
Det er 15 personar som har behov for bustad på lang sikt. I tillegg har nokre behov i kortare periodar. Alle har no fått tilbod om langvarig bustad.
Bygg vegar for fullt
Ordføraren har i dag vore i statusmøte med Noregs vassdrag- og energidirektorat.
– Det er utruleg bra å sjå kor raskt det blir bygd opp mellombelse vegar. Arbeidet skjer med stor innsats frå fleire entreprenørar som er leigd inn for anledninga, fortel Distad.
- LES OGSÅ: Opnar vegen til Honningsvåg
- LES OGSÅ: Toga vart så forsinka at NSB gikk tilbake til buss
Arbeidet med å bygge opp igjen vegar byrja med ein gong området vart opna. Fleire og fleire får vegsamband, og kan i større og mindre grad komme tilbake til meir normale tilstandar.
Enorme summar
Kommunen og andre offentlege instansar skal no sjå på kostnadane for det som ikkje kan forsikrast, som veger og bruer.
– Det er heilt klart at det er enorme skader, og kolossale summar som må til for å bygge opp igjen infrastruktur og hus, seier Distad.
Kommunen har samarbeida tett med politiet og NVE. Det er også leigt inn fagfolk som hjelp til med å få på plass ei taksering på skadane.
- LES OGSÅ: Sjå helikopterbilete frå flaumen
– Vi håpar å få ei grov oversikt over kva dette vil koste i løpet av eit par dagar, og vil presentere dette for både statsministeren og andre i statsapparatet så snart som råd, fortel ordføraren.
I kveld skal kommunen i møte for å høyre meir om kva dei kan hente i frå Statens Naturskadefond.