Hopp til innhold

– Det blir spesielt å komme tilbake

I august reiser AUF på sommarleir på Utøya for første gong sidan terroråtaket i 2011. Fylkesleiar Åsmund Hordvik trur den nye minnestaden og det den symboliserer vil prege sommarleiren.

Utøya etter 22.juli

SKAL TILBAKE: Frå 7. til 9. august er AUF sin sommarleir i gang igjen på Utøya, etter tre år utan.

Foto: BENDIKSBY, TERJE / SCANPIX

I tre somrar har Utøya vore utan AUF sin sommarleir, men andre helga i august skal dei tilbake. Tysdag stod minnestaden ferdig, og fylkesleiar i AUF i Sogn og Fjordane, Åsmund Hordvik, trur minna vil prege sommarleiren.

–– Ein del av leiren må vere å sjå tilbake for å hugse og minnast. Utøya vil aldri bli det same, men samstundes er det ein plass for å skape nye minner. Det er viktig, seier Hordvik.

– Minnestaden vil prege leiren

Åsmund Hordvik

GLER SEG: Leiar i Sogn og Fjordane AUF, Åsmund Hordvik, seier det er viktig å sjå framover. Arkivfoto.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Han fortel at det å komme tilbake medfører blanda kjensler for AUF-medlemmer. Likevel betyr det mykje å endeleg kunne komme tilbake. For han sjølv blir det første gong.

– Utøya har alltid vore ein stor del av AUF si historie. Mange av oss som vart medlem etter 22. juli har høyrt historier om kor bra det er på øya. Stoltenberg omtala det som paradiset i ungdomen hans, og det seier litt om kor stor plass Utøya har i AUF-erar sitt hjarte, seier fylkesleiaren.

At minnestaden er komen på plass vil nok også ha mykje å seie for stemninga på leiren, trur Hordvik.

– Eg trur det heilt klart vil prege sommarleiren. Ein del av leiren må sjølvsagt vere å sjå tilbake og minnast. Utøya vil aldri bli heilt den same, og det skal den heller ikkje vere, men samstundes er det ein plass for å skape nye minne, og det er viktig, seier han.

Utøya vil aldri bli heilt den same, og det skal den heller ikkje vere, men samstundes er det ein plass for å skape nye minne

Åsmund Hordvik

Påmeldingsfristen er 27. juli. Så langt er mellom fire og sju personar frå Sogn og Fjordane AUF påmeld, men ingen av dei var der i 2011. Horvik trur det har mykje å gjere med at mange har gått vidare frå AUF grunna alder. Utover det ønskjer han ikkje å spekulere i kva tankar dei gjer seg om å reise tilbake.

Solidaritet blir viktig tema

Det å minne dei personane som døydde i 2011 er også blitt ein del av programmet for sommarleiren, fortel Hordvik. Tema for leiren i år er internasjonal solidaritet.

– Vi i AUF veit betre enn nokon kor dyrt det kan vere å kjempe for solidaritet. No vil vi heve blikket å sjå på kampen for demokrati og solidaritet i heile verda.

Fylkesleiaren meiner det er viktig å minnast dei som dei har mista, men samstundes er det minst like viktig for han at dei ser framover, skaper nye minne og har det kjekt i lag på leiren.

– Det er viktig på mange måtar. Ungdommar som kjempar får det same får høve til å møtast og ha det kjekt i lag. Vi skal også inn i ein viktig valkamp og gire oss opp for å få til ein valsiger i heile Noreg.