– Det er vêret, altså romvêret det kjem an på, ikkje det vanlege vêret, fortel Runar Sandnes i det han pakkar fotoutstyr og gjer seg klar for nok ein kald kveld ute.
Han er ein ivrig fotograf, og spesielt glad i å fange nordlys og andre romfenomen på video og kamera. Når han legg utstyret på plass i bagen, pakkar bilen og gjer seg klar, så veit han aldri om han kjem til å lukkast.
– Det er veldig uføreseieleg, men alltid verdt å prøve. Nordlyset kan kome raskt og vere aktivt i 20–30 minutt, og så berre forsvinne. Det blir mange bomturar, seier Sandnes.
- LES OGSÅ:
Lysforholda avgjerande for resultatet
Oktoberkvelden er mørk, klår og kald. Han står på toppen av Utvikfjellet, med utsyn over fjorden og fleire bygder og grender i Stryn. Over fjorden har eit tjukt kvitt skoddeteppe lagt seg, men over han skin stjernene om kapp med kvarandre på himmelen.
– Ein må kome seg vekk frå alt kunstig lys, vekk frå storbyen og gjerne ut på eit jorde, inn i skogen eller opp på fjellet, seier han i det dei første glimta av nordlys dansar over kveldshimmelen.
Kveldens jakt vart ingen bomtur, og rundt om i heile Sogn og Fjordane og resten av Vestlandet har det siste tida vore mogleg å sjå det flotte fargespelet på himmelen på kveldstid. Det overraskar ikkje Sandnes.
– Det er ikkje berre Nord-Norge som har førsteretten på nordlys!
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Her kan du sjølv sjå nokre av Runar Sandnes sine blinkskot frå nordlysjakt på Utvikfjellet tidlegare i veka.