Hopp til innhold

Ofrar nattesøvn for å sjå nordlys

I vinter har det vore mykje nordlys å sjå på nattehimmelen. Ein av dei som gjerne ofrar nattesøvn for å få med seg dette naturfenomenet er Runar Sandnes.

Runar Sandnes

AMATØRASTRONOM: Runar Sandnes er langt over gjennomsnittleg interessert i det som rører seg på himmelen.

Foto: Runar Sandnes

Han er busett på Reed i Gloppen, og i vinter har han fleire gonger foreviga spelet på nattehimmelen. Det er fleire grunnar til at han er meir enn gjennomsnittleg interessert i nordlys, eller aurora borealis som det og blir kalla.

– Eg har vore interessert i astronomi sidan eg var liten, eg hadde ein bestefar som var aktiv amatørastronom og som viste meg fleire bøker og bilete. Etter kvart vart eg genuint interessert, eg tok nokre kurs, eg vart involvert i miljøet, og så har det berre balla på seg.

– Universet er uforståeleg

Og det er slett ikkje berre nordlys han er oppteken av.

– Det som for andre kan sjå ut som ei spyttklyse i kikkerten kan vere veldig spesielt for oss amatørastronomar. Det er så mykje vi ikkje veit om det som skjer over oss. Universet er uforståeleg på alle måtar. Vi krafsar berre i overflata i kunnskapen om korleis det heng saman.

Neppe nordlys i kveld

Og denne kvelden såg tilhøva lenge ut til å vere ideelle for dei som vil sjå nordlys, men dette var ikkje bomsikkert.

– Det er så mange faktorar som spelar inn. Jorda sitt magnetfelt må vere disponibelt, det kan skifte på kort varsel. Prognosane i løpet av dagen har svinga veldig.

Og då vi snakka med Sandnes igjen i 19-tida hadde det snudd heilt. Tilhøva ser dårleg ut for dei som vil sjå nordlys måndag kveld.

(Artikkelen held fram under biletet).

Nordlys på Seime i Breim

SOM EI GARDIN SOM FOLDAR SEG: Nordlys over Breim i vinter.

Foto: Runar Sandnes

– Gardin som foldar seg

Men det kan fort snu seg til neste kveld. Det mest ideelle tidspunktet er rundt midnatt, for då strekkjer nordlysovalen seg lengst sørover, fortel Runar og forklarar kvifor det er mykje nordlys no.

– Sola har ein syklus på om lag 11 år, der det svingar mellom topp og botn, og akkurat no er vi nær toppen av aktivitetssyklusen til sola. Og no når vi har passert vårjamdøger viser statistikken at det er mykje nordlys, utan at eg veit kvifor.

Sola sender ut ein solvind, ein skur med elektron og proton, i verdsrommet. Desse partiklane har ein fart på opp mot 900 kilometer i sekundet. Når dei treff magnetfeltet som vernar jorda mot stråling blir dei leidde mot Sørpolen og Nordpolen og kolliderer med dei ulike gassane i atmosfæren vår.

– Når dette skjer lyser atoma opp med ei lita stråling som vi kan sjå. I og med at solvinden kjem i bølgjer ser vi det som rørsler, ofte veldig kjappe rørsler på himmelen, det kan sjå ut som ei gardin som foldar seg.

Nordlyset legg seg i ei smultringform rundt polane, og av og til rekk smultringen så langt sør at vi kan sjå nordlyset også frå våre breiddegrader.

– Det er sjølvsagt oftast å sjå i Nord-Norge, men det har vore observert også i Danmark og Nord-Tyskland, og det største eg har sett var faktisk her sørpå, då var det over heile himmelen, og eg fekk heilt hakeslepp.

(Artikkelen held fram under biletet).

Nordlys på Seime i Breim

MEKTIG SYN: Slik kan det sjå ut.

Foto: Runar Sandnes

Ut av tettbygd strok

Dei som vil ha den beste opplevinga av nordlys bør ta turen ut av tettbygd strok der det gjerne er mykje lys og opp i høgda slik at ein kan sjå nordover utan å ha fjell som hindrar.

Sjølv skal Runar Sandnes ta turen på Utvikfjellet i kveld, frå 20-21-tida og utover. Han skal ta bilete av ein komet. Skulle nordlyset likevel dukke opp er han klar. Og han gir gjerne gode råd til dei som vil ta bilete av nordlyset.

– Du må ha eit kamera med manuelle funksjonar, du må sette lukkartida på to-tre sekund, helst ha eit vidvinkla objektiv og eit stativ du kan sette kameraet på, og så bør du justere ISO-en opp. Men er nordlyset kraftig nok kan du få det med deg med eit billeg kompaktkamera.