Hopp til innhold

Denne hobbyen er det få som har

Runar Sandnes frå Breim i Gloppen, samlar på nokre spesielle steinar som er eldre enn jorda sjølv. Men det å finne desse er vanskelegare enn å vinne i Lotto.

Runar Sandnes viser fram meteorittsamlinga si.

SJELDAN HOBBY: Lik som steinane han samlar på er også hobbyen sjeldan. Runar Sandnes samlar på meteorittar, og er blant få i Norge som driv med dette.

Når Runar Sandnes er ute på tur er blikket retta mot bakken. Uansett kor han går er han alltid på leit etter meteorittar, som er den store lidenskapen hans.

– Det gjeld hovudsakleg å ha med seg augene og rett og slett sjå etter ting som skil seg ut.

Eit lite miljø

Sandnes er utdanna geolog, men jobbar som fotograf. No har han pappapermisjon, og det gir han tid til å dyrke sin noko uvanlege hobby, nemleg den store meteorittsamlinga i kjellaren. Trass i at han har samla i fleire år, har han framleis ikkje funne ein meteoritt sjølv.

– Det er klart at å finne nokre av dei verkeleg sjeldne typane av marsmeteoritt eller månemeteoritt, eller parasitt som også er ein veldig sjelden type, det hadde vore det ultimate. Men berre å finne noko hadde vore fantastisk, seier Sandnes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Samlar på meteorittar

VANSKELEG Å FINNE: Dei fleste meteorittar som vert funne vert funne av folk som ikkje leitar, fortel Runar Sandnes, som sjølv håpar å finne.

Foto: Elias Engevik / NRK

Han fortel at det truleg berre er rundt 10-15 personar i heile Norge som han deler lidenskapen sin med.

– Så det er veldig snevert, men det er også det som gjer det så fascinerande. Det er veldig sjeldne ting vi snakkar om, og det har ei fantastisk historie i seg.

Kan koste 5000 kroner per gram

I eit stort skap i kjellaren har han samla mange meteorittar i ulik form og farge. Alt frå bittesmå raude bitar av planeten Mars, til større, tunge jernklumpar frå verdas ende.

– Det ser ut som ein heilt vanleg stein, men tek du ein veldig kraftig neodym-magnet på den så sit den fast med ein gong, fortel Sandnes medan han demonstrerer.

Men å samle på meteorittar kan fort bli ein dyr hobby.

– Det handlar om tilbod og etterspurnad. Dess mindre og sjeldnare meteoritten er, dess høgare blir gramprisen. Marsmeteorittane som stammar frå Mars er ganske unike, og dei kan du oppleve ein grampris på mellom 4000 og 5000 kroner på dei mest sjeldne.

Sandnes kjøpte sin første meteoritt i 1997, og samlinga har vakse til over 60 meteorittar.

– Det er vel først dei siste åra dette har blitt meir og meir ein lidenskap, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Samlar på meteorittar

MEIR TID: No som Runar Sandnes har pappapermisjon har han meir tid til å drive med hobbyen sin.

Foto: Elias Engevik / NRK

Blir funne av folk som ikkje leitar

Det høyrest kanskje lett ut, men det er det ikkje. For dei fleste som finn meteorittar veit kanskje knapt kva det faktisk er dei finn.

– Dei fleste meteorittane som har blitt funne i Norge har blitt funne av folk som ikkje har leita. Det er rypejegerar og folk som har gått på tur som nesten har fått dei i hovudet, seier Sandnes.

Målet hans er å etter kvart finne noko sjølv.

– Men det tek eg meg knusande ro, for det blir eit langtidsprosjekt, for å seie det slik.