Hopp til innhold

Han skjemst over kor lite nordmenn veit om Balkan

TIRANA (NRK.no): Korleis er det å leve i eit land som var så godt som hermetisk lukka i 45 år? Agnar Aas er fascinert over Albania etter å ha budd i landet i vel eitt år.

Agnar Aas i Tirana

FRAMFOR NASJONALHELTEN: Agnar Aas midt i Tirana, med statuen av nasjonalhelten Skanderbeg, som gjorde Albania til eigen stat på 1400-talet. Legg merke til minareten og kyrkjetårnet i bakgrunnen. Det kan symbolisere den store religiøse toleransen vi finn i Albania.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

63-åringen med oppvekst i Sogn har fått god kontakt med mange albanarar både gjennom jobben sin i Statkraft og etter å ha reist svært mykje i landet på fritida si. Han bur i hovudstaden Tirana og trivst svært godt.

– Tirana er større enn Oslo, tilbodet på restaurantar, kafear og butikkar er faktisk betre enn i Oslo, så det å bu her er som å bu i ein kva som helst annan europeisk hovudstad.

Bilkøyring vart folkesport

Førsteinntrykket etter å ha gått langs gatene i Tirana er ein tilsynelatande kaotisk trafikk. Der det er tre køyrefelt køyrer det gjerne fem bilar i breidden, fotgjengarane kryssar gatene overalt og ser nokså uanfekta ut der dei bautar seg fram mellom tutande bilar.

Ein drosjesjåfør NRK.no snakka med meiner trafikken avspeglar både den kommunistiske forhistoria og det faktum at det ikkje var lov å ha privatbilar før i 1991.

– Etter 45 år med jernhard disiplin er det mange som reagerer med å blåse i lover og reglar. I tillegg er det å køyre bil framleis så nytt for albanarane at det på ein måte har blitt folkesport.

Eit anna utslag av denne forakten for reglar er påfallande mykje søppel. Særleg på landsbygda ligg det mykje rart og flyt i det som skal vere fellesareal.

– Men kjem du innafor dørane til folk er det heilt strøkent, seier Agnar Aas.

Created by InfoDispatcher

MODERNE BY: Gatelivet i Tirana skil seg ikkje mykje frå vesteuropeiske hovudstadar. Foto: Kjell Arvid Stølen, redigering: Asle Veien.

– Tryggare enn i Oslo

Det er eit faktum at det er ein god del kriminalitet i Albania, men Agnar Aas si erfaring er at det slett ikkje er meir risikabelt å bu i Tirana enn i Oslo, kanskje tvertimot.

– Det er trygt og godt, eg er meir på vakt når eg går heim til husværet vårt på Grønland i Oslo enn når eg går heim om kvelden og natta her.

På gata i Tirana er dei fleste unge kledde som ungdom i vestlege land, dei fleste jentene er svært velkledde. Folk er svært sosiale og nyt det frie livet sitt med å gå mykje ut på kafear og restaurantar.

Men du skal ikkje langt utanfor sentrum i hovudstaden før du møter på høyvogner dregne av esel eller gamlemor som leier kyra sine til beite.

– Kontrastane i Albania er veldig store. Når du kjem litt utanom byen, særleg i fjellområda der det framleis bur ein god del folk, så er det hundre års tidsskilnad. Dei har arbeidsmetodar og transportmetodar som eg trur dei hadde sist på 1800-talet heime i indre Sogn, seier Agnar Aas.

Albansk landsbygd

TILBAKE I TIDA: På den albanske landsbygda lever folk i stor grad på gamlemåten. Det er fleire esel enn traktorar å sjå.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Skjemst over kor lite vi veit

Som dei fleste nordmenn visste han svært lite om Albania før han sa ja til å arbeide i landet eit par år for Statkraft.

– Eg visste ingenting. Eg skjemst litt over at vi i Norge har lært så lite om denne så viktige delen av Europa. Balkan har hatt mykje å seie for historieutviklinga vår.

Albania hadde ei kort historie som sjølvstendig nasjon på 1400-talet. Nasjonalhelten Gjergj Kastriot Skanderbeg leia i 1444 eit opprør mot det osmanske riket. Men han døydde i 1478, og ti år etter vart landet igjen ein del av det osmanske riket.

Først i 1912 vart Albania igjen ein eigen nasjon. Dette vart avgjort av stormaktene i Europa, mellom anna for å hindre Serbia i å få byggje hamner langs Adriatarhavet.

Dette er nok ein av grunnane til at det ikkje er særleg hjartelege kjensler mellom serbarar og albanarar. Mange nordmenn fekk sikkert med seg episoden på fotballkampen mellom dei to landa i haust, då ei drone med albansk flagg stansa kampen og førde til ville tilstandar på arenaen.

Fleire veker etterpå er denne episoden framleis eit tema som fyller avisene i Albania, og statsminister Edi Rama utsette eit planlagt besøk i Beograd på grunn av det som skjedde.

Stalin- og Lenin-statuer i Tirana

FORKASTA HELTAR: Det er lite att av minne frå kommunisttida i Albania. Desse statuene av m.a. Stalin og Lenin fann vi mellombels plasserte i ein bakgard i Tirana.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Mykje fungerte bra

Under andre verdskrigen vart Albania først okkupert av Italia, deretter av Tyskland, før det igjen vart eigen nasjon 29. november 1944. Då overtok ei kommunistisk motstandsrørsle makta. Leiaren, Enver Hoxha, gjorde Albania til eit bortimot hermetisk lukka land.

Han styrde landet og folket med jernhand. Folk som han oppfatta som mogelege konkurrentar om makta vart rydda av vegen brutalt og effektivt. Folk langs kysten fekk ikkje lov å ha motorbåtar, for då kunne dei flykte over til Italia. Det å prøve å krysse grensa førde til dødsstraff for dei som vart tekne.

Einmannsbunker i Albania

EINMANNSBUNKER: Slike små bunkerar frå kommunisttida er det overalt i Albania.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Men mange eldre albanarar fortel at mykje fungerte betre i landet i kommunisttida, seier Agnar Aas.

– Det var eit godt utdanningssystem, helsestell og transportsystem med jernbane og bussar og vegbygging. Alle fekk elektrisk straum. Men i ettertid er det ikkje tvil om at Albania under Enver Hoxha var det aller mest brutale regimet i Europa.

– Brutal diktator

Enver Hoxha

Politiske motstandarar vart drepne. Det same skjedde med mange religiøse leiarar, både kristne og muslimske, då Hoxha fann ut at Albania skulle vere eit ikkjereligiøst land på 1960-talet.

– Alt bygde på eit angjevarsystem, ei plikt til å angi alle, inklusive foreldre og andre nære slektningar.

– Korleis er ettermælet til Enver Hoxha?

– Eg har ikkje høyrt nokon som har noko godt å seie om Enver Hoxha. Han var rett og slett ein brutal diktator.

Hoxha døydde i 1985. Like før det skjedde sytte han for at hans nestkommanderande vart teken av dage. Offisielt heitte det at han tok livet sitt. På folkemunne i Albania blir det sagt at han tok livet sitt med to skot.

Created by InfoDispatcher

INDUSTRIKYRKJEGARD: I Elbasan sør for Tirana var det titusenvis av arbeidsplassar i tungindustri i kommunisttida. No er det stort sett tomme fabrikkbygningar her. Foto: Kjell Arvid Stølen, redigering: Asle Veien.

Industrien gjekk i stå

Men kommunistregimet heldt stand nokre år til. Først i 1991 kunne albanarane for første gong i historia bruke røysteretten.

Men overgangen til ein demokratisk republikk var langt frå enkel. For det meste av industrien i landet gjekk i stå. Folk vart kasta ut i massearbeidsløyse. Det som var av moderne landbruksmaskinar hadde ikkje bøndene råd til å bruke.

I byen Gramsh var det til dømes ein våpenfabrikk som gav arbeid til svært mange. Drosjesjåføren NRK sin utsende snakka med fortel at far hans hadde arbeid på denne fabrikken. I dag ligg fabrikken der som eit minnesmerke over det industrilandet Albania ein gong var.

Eit endå meir gedigent minnesmerke finn vi i byen Elbasan. Der køyrer vi forbi kilometer på kilometer med nedlagde fabrikkbygningar.

Created by InfoDispatcher

INDUSTRIKYRKJEGARD: I Elbasan sør for Tirana var det titusenvis av arbeidsplassar i tungindustri i kommunisttida. No er det stort sett tomme fabrikkbygningar her. Foto: Kjell Arvid Stølen, redigering: Asle Veien.

Lurt av pyramidespel

I 1996 vart Albania kasta ut i anarki, etter at ei form for pyramidespel førde til at folk miste sparepengane sine. I eit par år var landet utan fungerande politi og militærvesen, det var fritt fram for kriminelle element.

På 1990-talet var det mange som tok seg ein tur til Vest-Europa og henta seg ein bil, ikkje alle på lovleg vis. Då det britiske TV-progammet Top Gear la ei av sendingane sine til Albania, fleipa dei med at det på flyplassen stod eit skilt med teksten: «Velkomen til Albania. Bilen din er her alt.»

Uansett, i trafikken i Tirana er det eit stort innslag av fine og dyre bilar, påfallande mange av merket Mercedes.

Enver Hoxha-mausoleum i Tirana

HERPA MAUSOLEUM: Då Enver Hoxha døydde vart det reist eit gedigent mausoleum, teikna av dottera hans. I ettertid har albanarane teke ut aggresjonen sin ved å gjere hærverk på bygningen. Men byggverket er for solid til at dei har fått heilt has på det.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Etter kvart kom samfunnsmaskineriet i gang att, men albanarane slit framleis med etterverknadene. Folk lit ikkje på bankane, dei lit ikkje på styresmaktene. Som innehavaren av ein kiosk seier det til NRK sin utsende.

– Albania er eit flott land, men regjeringa er noko skit.

Og det at albanarane ikkje har tillit til bankane gjer at dei ikkje torer ta opp lån. Det fører til at det knapt er moderne traktorar og andre landbruksmaskinar å sjå på landsbygda.

Byggjer når dei har pengar

Og dei fleste husa ute på landet er berre halvferdige og knapt nok det.

– Folk byggjer når dei har pengar, og så står det slik til neste gong dei har ein slant å avsjå til bygginga. Å ta opp lån er ikkje aktuelt, seier Aas.

På kysten skulle ein tru at fiskeri ville vere ei god næring. Men når folk frå 1945 til 1991 ikkje hadde lov til å ha motorbåtar så er det ikkje tradisjon for fiskeri i større skala enn å skaffe middag til seg sjølv og sine næraste. Og i dag torer ikkje folk ta opp lån for å kjøpe seg store og effektive fiskebåtar.

Når ein i tillegg veit at store delar av den albanske økonomien er svart, og at korrupsjon gjennomsyrar det meste, seier det seg sjølv at det er nokre hinder på vegen mot vekst og velstand for folk flest.

Eitt håp er at landet kan lokke til seg utanlandske turistar. På kysten har det dei siste åra vore ein viss auke. Les meir om det i artikkelen Kjøpte ferieleiligheit i Albania og vart heilfrelst .

Mange muslimar - ingen burka å sjå

Enver Hoxha prøvde å gjere Albania til eit ikkjereligiøst land, men gudstrua levde gjennom dei 45 åra med kommuniststyre. I dag reknar ein med at rundt 70 prosent av innbyggjarane er muslimske.

Men på gata i Tirana er det ikkje råd å sjå at du er i eit land der islam har så sterkt fotfeste. For her er det ikkje ein burka å sjå, knapt nok eit skaut. Dei albanske muslimane tilhøyrer ei svært lite streng grein av islam, seier Agnar Aas.

– Dei brukar ingen ytre teikn på trua si, dei et svinekjøt, og mange av dei drikk alkohol.

Og dei ulike religionane lever tilsynelatande i fredeleg sameksistens. Eit symbol på det kan vere at midt i Tirana, ikkje langt frå statuen av nasjonalhelten Skanderbeg, står det ein moské og ei kyrkje vegg i vegg.

Veggmåleri frå kommunisttida i Tirana

MINNE FRÅ KOMMUNISTTIDA: Dette veggmåleriet på ein bygning sentralt i Tirana er eitt av få symbol frå kommunisttida som ikkje er fjerna.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK