Kjøpte ferieleiligheit i Albania og vart heilfrelst

TIRANA (NRK.no): Ekteparet Laila Bergheim Ommedal og Sigmund Ommedal frå Sandane i Nordfjord har funne ferieparadiset sitt i Albania. Dei visste som nordmenn flest lite om landet på førehand, men etter vel to år er dei heilfrelste.

Laila Bergheim Ommedal og Sigmund Ommedal

HAR FUNNE FERIEPARADISET: Laila Bergheim Ommedal og Sigmund Ommedal frå Sandane stortrivst i Sarandë. I bakgrunnen fjellrekka Gjirokäster.

Foto: Privat

Laila fortel at dei i fleire år hadde vore på utkik etter ein feriestad, helst i varmare strok.

– Vi var ikkje så gira på Spania, for der er det så mykje norske koloniar. Vi ville prøve noko nytt.

Så var det at ei ho trena saman nemnde i ei bisetning noko om leiligheita deira i Albania.

– Albania? Er ikkje det mykje kriminalitet der og eit lukka land? spurde eg.

– Heftig begeistra

Dette fekk ho avkrefta, og treningsveninna sette henne i kontakt med firmaet dei hadde kjøpt husvære gjennom. På kort varsel reiste dei til Albania hausten 2011. Dei tok då fly til hovudstaden Tirana, der dei leigde seg bil og køyrde til Sarandë.

– Og vi vart heftig begeistra for landet. Først og fremst for menneska. Det er eit fantastisk hjartevarmt folkeslag, og så er det eit vakkert land, og prisane er veldig behagelege.

Ektemannen Sigmund seier han var skeptisk då ideen om Albania dukka opp, men at han endra syn etter ei veke i landet. Det enda med at dei skreiv kontrakt på kjøp av eit husvære, og det har han slett ikkje angra på.

– Vi kosar oss veldig der nede, vi synest leilegheita er flott, utsikta er fantastisk, det er kjekke folk der, så vi trivst veldig godt.

(Artikkelen held fram under biletet).

Sarandë Panorama

RIMELEG HUSVÆRE: Ekteparet Ommedal betalte vel 600.000 kroner for 111 kvadratmeter i Sarandë Panorama.

Foto: Privat

Sarandë, der Laila og Sigmund kjøpte husvære ligg på kysten heilt sør i Albania, nesten på grensa til Hellas. Dei betalte vel 600.000 kroner for 111 kvadratmeter, i tillegg brukte dei 150.000 kroner på innreiing og møblar.

Jan Braathu

- STADIG FLEIRE NORDMENN: Ambassadør Jan Braathu.

Foto: Ambassaden i Prishtina

Dei reiser dit tre gonger i året, to veker i slengen. Då tek dei fly til den greske øya Korfu, som ligg rett utanfor kysten. Derifrå er det tre kvarter med ein ekspressbåt eller halvannan time med ferje inn til Sarandë.

500 nordmenn kvar veke

Jan Braathu er norsk ambassadør for Kosovo og Albania, og han seier at stadig fleire nordmenn har fått augene opp for ferielandet Albania. Sist sommar var det 500 nordmenn i Sarandë kvar veke.

– Fleire og fleire kjøper ferieleiligheiter, særleg i Sør-Albania, der det er ein fantastisk vakker kystnatur. Men framleis er det slik at det nordmenn veit om Albania er frå kommunisttida.

Han seier at standarden på mange felt enno ligg eit stykke bak meir etablerte turistmål.

– Standarden er ikkje heilt på det nivået vi skulle ynskje, mellom anna gjeld det hotellkvaliteten, men den er i betring. Og det er svært rimeleg å feriere i Albania, og kvaliteten på mat og service er veldig høg, så vi får veldig mykje for pengane.

(Artikkelen held fram under biletet).

Agnar Aas

- FANTASTISKE FJELL: Agnar Aas blir meir og meir glad i det albanske fjellandskapet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Fascinert av fjella

Agnar Aas har budd i hovudstaden Tirana i vel eitt år. Han arbeider for Statkraft, som byggjer to vasskraftverk i Albania. Han har brukt mykje av fritida si til å utforske landet, og han er særleg begeistra for fjellområda.

– Eg likar å reise, eg har tilgang til bil, og eg har nytta høvet til å sjå meg om. Det eg er aller mest fascinert av er fjella i Albania. Det er verkeleg eit fjelland, det er fleire toppar som er høgare enn dei høgaste norske fjella.

Han har kome i kontakt med foreiningar som organiserer turar med guide og transport.

– Så eg har vore så heldig at eg har fått gått på veldig mange flotte fjellturar her. Eg blir meir og meir glad i landet di meir eg ser av det. Albanarane er usedvanleg gjestfrie og opne for utlendingar. Dei er veldig hjelpsame. Om eg spør om noko er dei veldig glade for å kunne hjelpe.

Aas var ein gong innkvartert på ein gard i den albanske fjellheimen. Han og dei andre gjestene tok del i arbeidet på garden, og då vertskapet såg at Aas verkeleg kunne kunsten å slå med ljå steig han endå meir i respekt.

Agnar Aas med langorv

IMPONERTE: Agnar Aas fekk ekstra respekt hjå dei albanske bøndene då han viste at han kunne kunsten å slå med ljå.

Foto: Hans Harald Karlsen

– Det er ein del av den gamle albanske gjestfridomen. Kjem du inn på ein liten overnattingsplass i fjellheimen blir du teken imot som ein av familien, og du blir verkeleg teken hand om.

(Artikkelen held fram under videoen.).

Created by InfoDispatcher

HISTORISK TURISTMÅL: I byen Krujë, nordvest for Tirana, ligg ei borg som nasjonalhelten Skanderbeg bygde. Her er det mykje å sjå og kjøpe. Foto: Kjell Arvid Stølen, redigering: Steinar Lote.

– Har ein del å gå på

Agnar Aas har også vore på tur på kysten, og har funne fine sandstrender der det knapt er folk. Men han meiner at Albania har ein veg å gå før dei er på nivået til turistland som Kroatia.

– Når det gjeld å ta hand om søppel, avløpsvatn og kloakk er dei framleis ikkje på høgde med det som Europa set som standard. Mange bygningar burde ikkje ha vore bygde.

Hårklipp til 12 kroner

Han har budd i Albania i over eitt år, men han har enno ikkje greidd å venne seg til det svært låge prisnivået.

– Når eg betalar 12 kroner til min faste frisør så er det ein del av meg som gjerne vil betale meir.

Ein god middag kan du få til 50-60 kroner. Men Aas har lært seg at han ikkje skal vere for raus med driks.

– Det blir oppfatta negativt dersom du betalar for mykje.

Dette har også Laila Bergheim Ommedal og Sigmund Ommedal lært seg.

– Vi bør ikkje gje meir enn ti prosent i driks. Våre albanske vener har sagt til oss at dersom vi betalar for mykje påverkar det prisnivået. Albanarane tener mellom 2500 og 3000 kroner i månaden, så for dei vil det skape vanskar om prisane stig, seier Sigmund.

(Artikkelen held fram under biletet).

Badestranda Ksamil i Albania

FORLOKKANDE: Dette er badestranda Ksamil, ikkje langt frå Sarandë.

Foto: Privat

– Vi er ikkje naive

Det er mange nordmenn som stussar når dei høyrer at ekteparet Ommedal frå Sandane har feriehusvære i Albania. For nordmenn flest veit lite om landet, og det dei har høyrt er ikkje særleg positivt, seier Laila.

– Eg får dei same spørsmåla som eg sjølv i si tid stilte til veninna mi. Veldig mykje byggjer på gamle mytar. Og eg vil gjerne vere med på å knuse desse mytane, for vi er blitt veldig glade i folka som bur der, det er urettferdig at desse mytane skal få leve vidare.

Men både ho og Sigmund er fullt klare over at Albania på mange felt ikkje har nådd den standarden nordmenn krev.

– Vi er ikkje naive. Vi har lært at ein tidsfrist i Albania ikkje er det same som ein tidsfrist heime. Men vi har aldri opplevd noko som har gjort oss urolege. Vi kjenner oss veldig trygge, eg er ikkje redd for å gå heim åleine i mørke i Sarandë.

(Artikkelen held fram under biletet).

Sarandë i Albania

SLIK ER UTSYNET: Feriebyen Sarandë sett frå terrassen til ekteparet Ommedal.

Foto: Privat

Sigmund har bakgrunn som leiar av Veidekke AS si avdeling på Sandane, og har kjennskap til eigedomstilhøve. Difor gjorde dei mykje for å sikre seg at dei ikkje gjekk fem på då dei kjøpte husværet i Albania.

– Vi tok kontakt med seriøse meklarar, vi engasjerte ein lokal advokat som representerte oss, og vi var til ein offentleg notar der vi fekk eit dokument som viser at vi har rett på husværet.

Med bakgrunn i den røynsla dei har gjort seg etter vel to år nøler dei ikkje med å tilrå andre nordmenn å satse på feriehus i Albania.