Hopp til innhold

Fødd på den mest nedbørsrike staden - er med og byggjer kraftverk i Albania

TIRANA (NRK.no): Agnar Aas (63) er fødd på Takle i Gulen, ein av dei mest nedbørsrike stadene i landet. Då er det ikkje så rart at vassføring og kraftutbygging har vore ein stor del av livet hans. No er han med på å byggje kraftverk i Albania.

Agnar Aas

TRIVST GODT I ALBANIA: Agnar Aas har hatt Tirana som arbeidsstad i vel eitt år.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Aas har vore tilsett i Statkraft sidan 2011. Før det var han NVE-direktør. Då han fekk spørsmål om å vere eit par år i Albania måtte han tenke seg godt om.

– Eg må tilstå at eg sikkert såg ut som eit stort spørsmålsteikn. Men etter å ha vore her i eitt år er eg veldig glad for at eg tok den utfordringa. Det er eit interessant og fint land å bu i.

For mange nordmenn er Albania ein kvit flekk på kartet. Dei veit at mange medlemmer i AKP (ml) valfarta dit på 1970-talet, den gongen Albania av Mao vart kalla «kommunismens fyrtårn i Europa». Kommunistregimet gjorde albanarane til eit svært isolert folkeferd frå 1946 til 1991.

Stort meir visste ikkje Aas heller, men etter å ha budd i Tirana siste året har han tileigna seg stor kunnskap om landet.

– Eg har lært albanarane å kjenne som svært trivelege og gjestfrie.

Kontrastfylt

Det er eit land fullt av kontrastar. På vegen frå flyplassen inn til Tirana konkurrerer eselkjerrer om plassen med feite Mercedesar.

– Tirana er på mange måtar ein moderne by, men du skal ikkje langt ut på landet før du finn levekår som du må hundre år tilbake for å finne heime i Norge, seier Agnar Aas.

Statkraft har vore engasjert i Albania frå 2006, frå 2008 som samarbeidspartner med det austerrikske selskapet EVN, som hadde fått konsesjon på å byggje ut vasskraftverk.

I 2013 trekte EVN seg ut, og Statkraft overtok heile prosjektet. Gjennom dotterselskapet Devoll Hydropower skal dei byggje to kraftverk. Det minste skal vere ferdig i 2016, det største i 2018.

Til saman skal det gje 730 Gwh, det er meir kraft enn Alta-kraftverket i Finnmark. Det tilsvarar straumbruken til 36.500 norske husstandar, og det aukar kraftproduksjonen i Albania med 17 prosent.

(Artikkelen held fram under videoen).

Created by InfoDispatcher

STORT ANLEGG: Sjå video frå anleggsområdet i Banjë då konsernsjef Christian Rynning-Tønnesen var på besøk. Foto: Kjell Arvid Stølen. redigering: Steinar Lote.

Sysselset 1200 personar

I alt sysselset dei to prosjekta 1200 personar, av desse er 900 albanarar. Det er den største einskildinvesteringa i Albania for tida. I leiinga for Devoll Hydropower er det ei handfull nordmenn, mellom dei Agnar Aas, som har tittelen Director of Governmental Affairs.

– Eg har kontor i hovudstaden Tirana, og arbeider med kommunikasjon både internt og eksternt. Eg held kontakt med dei albanske styresmaktene, spesielt med elektrisitetsstyresmaktene både her og elles på Balkan. For vi skal selje straumen, og då er det viktig å halde kontakt med styresmaktene både her og i Kosovo og dei andre nabolanda.

(Artikkelen held fram under biletet).

Kraftanlegg i Banjë, Albania

NY OG GAMAL DEMNING: Til høgre i biletet ser vi demninga albanarane bygde på 1980-talet. I midten kjernen på demninga som no er under bygging og som skal bli 80 meter høg.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Kyrkjegard for industri

Nyleg var konsernsjef Christian Rynning-Tønnesen i Statkraft i Albania for å sjå på kraftutbygginga og for å møte representantar for dei albanske styresmaktene.

Anleggsområdet ligg søraust for Tirana. På vegen dit køyrer vi først på ein delvis ferdig motorveg til den tidlegare industribyen Elbasan. Denne byen har preg av å vere ein kyrkjegard for industrien i Albania.

Vi passerer kilometer på kilometer med fabrikkbygningar som står tomme. Her stansa alt då kommunistregimet kollapsa i 1991, titusenvis av arbeidsplassar forsvann. Det same var tilfelle mange andre stader i Albania.

Resten av vegen til anleggsområdet er av heller tvilsam standard. Her var neppe noverande statssekretær Bård Hoksrud (Frp) på synfaring då han besøkte Albania og etterpå proklamerte at sjølv Albania hadde betre vegar enn Norge.

Men framme på anlegget får den norske delegasjonen eit imponerande syn. Nede i dalføret ser vi demninga som albanarane bygde på 1980-talet. Attmed den reiser ein mykje større demning seg.

Lastebilar går i skytteltrafikk med masse som til slutt skal gjere demninga 80 meter høg.

(Artikkelen held fram under biletet).

Christian Rynning-Tønnesen

– VELDIG MORO: Konsernsjef Christian Rynning-Tønnesen i Statkraft på kraftanlegget i Banjë.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Konsernsjef Rynning-Tønnesen var oppglødd over det han fekk sjå.

– Dette er veldig moro. No står vi midt i Albania, litt over ein times køyretur frå hovudstaden Tirana. Her byggjer Statkraft eit stort kraftanlegg som vart påbyrja for fleire tiår sidan og som har stått halvferdig til no. No gjer vi jobben ferdig.

Demning var tryggleiksrisiko

For det var albanarane sjølve som starta anleggsarbeid i Banjë i 1985. Dei bygde ei demning, men så gjekk alt i stå. I 1991 var det slutt på 45 år med kommuniststyre, og det meste av industri og mykje anna verksemd vart lagd ned så og seie over natta.

Etter kvart har demninga blitt ein tryggleiksrisiko. Dersom det hadde blitt storflaum kunnne demningen breste og føre til ein katastrofe for områda nedanfor. Difor er arbeidet som Statkraft no er i gang med etterlengta, seier Agnar Aas.

– Folk har sett på det halvferdige kraftanlegget i nesten 30 år, og no ser det ut til at dei er svært tilfredse med at det blir gjort ferdig.

(Artikkelen held fram under biletet).

Gramsh i Albania

KONSEKVENSAR: Dette er byen Gramsh, som kjem til å få ein innsjø som næraste nabo om to år. Vatnet kjem til å stå tett opp mot busetnaden i bakgrunnen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Rundt 30 husstandar må flytte

Men kraftutbygginga får også negative konsekvensar for ein del menneske. Mellom Banjë og byen Gramsh skal eit stort område leggast under vatn. Rundt 30 husstandar der og i Moglicë-prosjektet må flytte.

Alle husstandane som blir råka av utbygginga får tilbod om kompensasjon i naturalia slik at dei får same levestandarden som før utbygginga. Devoll Hydropower byggjer nye hus til alle dei 30 husstandane som må flytte etter oppdemminga ved begge kraftverka.

Statkraft legg stor vekt på å opptre ryddig og syte for at dei menneska som blir råka får erstatta tapet. I Gramsh har Devoll Hydropower oppretta eit eige informasjonssenter, seier Agnar Aas.

– Der har vi veldig flinke folk som fylgjer opp saker som vedkjem lokale styresmakter og lokalbefolkninga.

Kulturskilnader gir utfordringar

Konsernsjef Christian Rynning-Tønnesen seier at Statkraft valde å gå vidare åleine då det austerrikske selskapet EVN trekte seg.

Kraftanlegg i Moglicë, Albania

DET STØRSTE PROSJEKTET: I Moglicë skal det byggjast ei 150 meter høg demning.

Foto: Statkraft

– Det gjorde vi fordi dette er ein region som treng kraft. Det er ein kombinasjon av at det her er mogeleg å byggje ut vasskraft, og at det er i ein del av Europa som treng meir kraft.

Men det er ein del kulturskilnader mellom Norge og Albania, og det gir Statkraft utfordringar. Til dømes står det norske selskapet hardt på å halde høg internasjonal standard innan helse, miljø og tryggleik. Det kolliderer ofte med den albanske mentaliteten.

Ei anna utfordring er søppel. På landsbygda i Albania finst det ikkje offentleg renovasjon. I byen Gramsh kastar innbyggjarane søppelet sitt på elvebreidden. Der ligg det gjerne til vinterflaumen tek det med seg.

Når denne elva om to år er gjort om til ein stor innsjø og med eit kraftinntak i den andre enden seier det seg sjølv at søppel ikkje er ideelt. Statkraft ser det ikkje som si oppgåve å drive med renovasjon for innbyggjarane, men samarbeider med styresmaktene om ei mellombels og ei permanent løysing.

Statkraft byggjer og eit kloakkreinseanlegg slik at kloakken frå dei 12.000 innbyggjarane i Gramsh ikkje skal gå ureinsa ut i kraftbassenget, seier Agnar Aas.

Norsk engasjement populært

Jan Braathu er norsk ambassadør for Kosovo og Albania, og han seier prosjekta til Statkraft i Albania er noko albanarane set stor pris på.

– Det er enormt. Det er den største utanlandske einskildinvesteringa i Albania, og den er norsk. Det er ganske fantastisk å tenke på.

– Så nordmenn er populære her?

– Det er vi. Det er få land i Europa som har den kompetansen som vi har innan vasskraft, og det er veldig hyggeleg at desse norske miljøa brukar den kunnskapen i Albania.

(Artikkelen held fram under biletet).

Jan Braathu

– POPULÆR INVESTERING: Ambassadør Jan Braathu seier det er hyggeleg at norsk kompetanse kjem til nytte i Albania.

Foto: Ambassaden i Prishtina

Møte med statsministeren

Og at albanarane set pris på Statkraft vart understreka ved at konsernsjef Rynning-Tønnesen fekk samtalar med både finansministeren og statsminister Edi Rama då han var i Tirana.

Konsernsjef Christian Rynning-Tønnesen i Statkraft seier at dei no let resten av verda få del i den kompetansen selskapet har opparbeidd seg gjennom kraftutbygging i Norge.

– Vi har ein stolt tradisjon som neste år er 120 års verksemd innan vasskraft i Norge, og i dag blir den kompetansen brukt til å byggje ut vasskraft mange andre stader i verda. Vi er inkludert SN Power eitt av dei leiande konserna innan vasskraft i verda.

Har ti prosent avkasting

Statkraft er engasjert i kraftutbygging i Albania, Tyrkia, India, Nepal, Peru, Chile og Brasil. I tillegg eig Statkraft halvparten av SN Power, som har kraftverk i drift i Laos, Filippinene, Zambia og Panama. Det kan og bli aktuelt med prosjekt i Vietnam, Myanmar og Mozambique.

Og Statkraft tener pengar på det internasjonale engasjementet sitt, seier konsernsjefen.

– Vi byggjer ut der lønsemda er god. Vi brukar kompetansen vår, og vi tener pengar. Alle utanlandsinvesteringane våre dei siste 20 åra har i snitt gitt ei avkasting på ti prosent i året, etter skatt. Det er vi veldig godt nøgde med.

(Artikkelen held fram under biletet).

Statkraft i Albania - allmøte

ALLMØTE: Ein del av dei tilsette i Devoll Hydropower samla for å møte konsernsjefen i Statkraft.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Mykje som dreg heime

For Agnar Aas er opphaldet i Albania eit kapittel i livet som han er veldig glad for at han bladde om til. Men det er mellombels, sjølv om han etter eitt år åleine i Tirana no har fått selskap av kona, Inger Marie Wøllo.

– Eg har ein kontrakt på to år, så neste sommar må eg sette meg i tenkeboksen og finne ut kva eg skal gjere. Som far til tre og bestefar til ni så er det langt heimatt til Norge. Det har vore spennande å vere her, men det er mykje som dreg heime også.

Agnar Aas i Tirana

BUR OG ARBEIDER SENTRALT: Agnar Aas har kontor i bygningen i bakgrunnen. Husværet hans ligg ein kort spasertur derifrå.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK