Hopp til innhold

Viser mistillit til Anundsen

Fylkespartiet Rogaland Venstre, vil fjerna Anders Anundsen (Frp) som justisminister, for måten han har handtert asylbarnsaka på. Fylkespartiet i Rogaland ber andre fylkesparti i landet om å gjera det same.

Per A. Thorbjørnsen og Anja Berggård Endresen

Rogaland Venstre ber stortingsrepresentanten deira om å bidra til å stille mistillitsforslag til justisminister Anundsen, for hans rolle i asylbarnsaka

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Fylkesårsmøtet i Rogaland Venstre har klar ein resolusjon, der dei ber om at det må stillast mistillitsforslag til justisministeren i Stortinget.

– Me gjekk til val på å få ein asylpolitikk med eit litt meir menneskeleg ansikt. Det fekk me ein avtale med regjeringspartia om, men så viser det seg at den avtalen ikkje har blitt følgd opp på den måten me ønskjer. Då må ministeren ta konsekvensen av det han har gjort, seier toppkandidaten på fylkestingslista i Rogaland Venstre, Anja Berggård Endresen.

Rogaland Venstre vil ha vekk justisminister Anundsen

Fylkestopp Anja Berggård Endresen og Stavanger-topp Per A Thorbjørnsen i partiet Venstre vil ha vekk justisminister Anundsen

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Ho er klar til å gå på talarstolen på fylkesårsmøtet i partiet og be Rogaland sin stortingsrepresentant frå Venstre om å arbeide fram eit mistillitsforslag mot justisministeren, i saman med resten av Venstre si stortingsgruppe.

Grasrotopprør

Mange deltakarar på fylkesårsmøtet til Venstre i Rogaland, meiner at dei har blitt lurt av Frp sin justisminister i saka om asylbarna skal få opphald eller ikkje i Norge. Leiar i bystyregruppa til Venstre i Stavanger, Per A Thorbjørnsen seier det slik:

Anders Anundsen ankommer Stortingets høring om asylbarn

Justisminister Anders Anundsen, då han kom til Stortinget si høyring om asylbarna.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Me kan ikkje sjå at Anundsen har gjort noko, for at desse barna skal få bli i landet. Han har gøymt seg bak nokre skriv, nokre direktiv og nokre kommentarar, men han har aldri hatt nokon genuin interesse av at desse barna skal få lov til å bli i landet, slik Venstre og KrF ønskjer.

Thorbjørnsen fortel at dette først og fremst er eit grasrotopprør og ei politisk markering mot justisministeren. Han understrekar at det er opp til Stortinget å fremja eit eventuelt mistillitsforslag.

Iselin Nybø

Det er stortingsrepresentant for Rogaland Venstre, Iselin Nybø, som får oppgåva med å organisere mistillitsforslag mot Anundsen i Stortinget.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det eg håpar på, er at me nå set i gang ein kjedereaksjon, slik at også andre lokalparti, både i Venstre og andre parti, gjer det same.
– Stortinget skal vite at dei har grasrota med seg i sin vurdering av justisministeren sin vidare skjebne, seier Thorbjørnsen.

Vil ha mistillitsforslag i Stortinget

– Men med den nåverande situasjonen på Stortinget, så kan jo dette få alvorlege konsekvensar for ministeren?

– Ja, men ein minister som ikkje fullfører den politikken som det er eit fleirtal for, må også ta konsekvensen av det, seier fylkestopp i Rogaland, Anja Berggård Endresen.

Flere nyheter fra Rogaland