– Dette er ei kjempenyhet altså! Det har blitt jobba så mykje. Både lokalt, men også frå fylkes- og nasjonalleddet med å ringe til medlemmar. Derfor er det veldig hyggeleg at me har fått til å stille lister i 14 kommunar.
Dette seier Torfinn Ingeborgrud frå Stavanger, som var den einaste kommunestyrerepresentanten som Dei Grøne fekk inn i Rogaland i 2011.
Når lengre ut
Det er 26 kommunar i Rogaland. For fire år sidan var partiet Dei Grøne på val i fem kommunar. Nå har talet på lister mest tredobla seg og Ingeborgrud ser fram til å ikkje vera åleine lengre.
– Det kjem nok til å variera mykje frå kommune til kommune. Men dersom listekandidatane lukkast i å gjera ein god valkamp, kjem Dei Grøne til å vera i mange kommunestyrer frå hausten av, seier han.
Gjer det best der det er mange
Det er i dei mest folkerike kommunane at Dei Grøne klarer å stille liste. Dette gjeld både nord og sør for Boknafjorden. I Ryfylke er dei dårleg representert og i Dalane har stiller dei ikkje liste i det heile. Heller ikkje i bykommunen Eigersund.
– Men der har me i alle fall lokallag, og dei seier at dei reknar med å stille liste om fire år, fortel Ingeborgrud.