Hopp til innhold

Dei møtte sine store idol med smil

I dag var det klart for årets viktigaste kamp, der resultatet ikkje betyr noko. Sjå Superlaget gjera alt for å slå sine store idol i Stavanger Oilers

Superlaget møtte idolene i Stavanger Oilers. Lite sinne, mange smil.

Sjå utdrag frå kampen mellom Superlaget og Stavanger Oilers. Den enda med storsiger til Superlaget.

– Det er heilt sjukt, og det er knallgøy. Å få vera med på denne kampen her betyr veldig, veldig mykje for alle saman, seier Superlaget-spelar, Ane Lilleide Haga.

– Eg har gleda meg til denne kampen her i fleire veke, seier hennar medspelar, Hilde Harestad.

Storsiger

I dag fekk ishockeylaget Superlaget spela mot sine store idol i Stavanger Oilers. Og då kampen var over hadde Superlaget slått proffane i Oilers heile 27–4.

– Det er veldig gøy å spele mot Oilers. Me knuser dei, seier Harestad.

– Dei er jo så gode. Korleis klarer dykk det?

– Dei spelar jo på same nivå som oss, seier Harestad.

Det var mykje gleda å sjå blant spelarane på Superlaget i dag. Og Ane Lilleide Haga er klar på kvifor denne kampen er spesiell.

– At me vinnar, og at dei er heltane vore og at me ser opp til dei.

Stort for Oilers

Men det var ikkje berre spelarane på Superlaget som treivst på isen i dag.

– Dette er veldig kjekt. Me har gått og gleda oss til denne kampen me gutane òg, seier Oilers-spelar, Tommy Kristiansen.

– Å sjå kor glade dei blir, og den idrettsgleda dei viser, det er veldig kjekt, seier han.

– Kan de læra noko av den idrettsgleda dei viser her ute?

– Ja, absolutt. Å sjå korleis dei jublar når dei scorar mål, det betyr veldig mykje, seier Kristiansen.

Trivsel på isen

Superlaget er eit tilbod for barn, ungdom og vaksne med spesielle behov. Dei trenar kvar laurdag i DNB arena, og alle er velkomne til å vera med.

Det er hockeyklubbane Stavanger Hockey og Stavanger Oilers, i samarbeid med Rogalands ishockeykrets og Norges ishockeyforbund som står bak tilbodet.

Superlaget - Oilers

Lagbilete etter kampen.

Foto: Anders Fehn / NRK