– Me var litt ute og sykla i 2. periode. Elles sto me fram rolege og rutinerte. Det var ein veldig bra kamp for vår del, seier trenar Petter Thoresen til TV2 Sportskanalen.
Han la merke til at spelarane såg mykje meir slitne ut etter sist semifinalekamp enn i dag. Men det var også nødvendig med full innsats, seier Thoresen:
– Storhamar har imponert veldig i desse kampane. Dei har vist offervilje, og vilje til å vinna har dei vist igjen og igjen.
Ser fram til Lørenskog
Petter Thoresen skal nå pusta ut i kveld. I morgon skal han studera finalemotstandar Lørenskog og på måndag er det fullt trykk på treninga igjen.
– Det blir nok veldig bra. Det blir eit møte mellom dei to beste laga i ligaen, utan tvil. Me har hatt godt av å ha fått oss nokre slag på haka i kampane mot Storhamar, så nå er me klare for Lørenskog, seier Thoresen.
Fantastisk start
Erik de la Rose frå Storhamar gjer 0–1 etter tre minutt spel. 30 sekund seinare utliknar Philippe Cornet for Stavangerlaget. Den avgjerande semifinalekampen fekk den best mogelege starten.
Etter 15 minutt set Oilers-angriparen Rudolfs Balcers pucken i mål for heimelaget. Det står 2–1 i den avgjerande semifinalekampen i NM-sluttspelet i ishockey.
3–1 til Oilers kom tidleg i andre periode. Dan Kissel var mannen bak skåringa.
Resten av kampen hadde mange sjansar og full innsats frå begge laga, men utan at pucken gjekk inn i nettet fleire gonger.
Statistikken for skot på mål vann Stavanger 35–22.
Fullt hus for første gong i sluttspelet
Heimebanen til Oilers var fullsett i kveld, for første gong i dette sluttspelet. Det betyr over 4000 tilskodarar.
På Hamar viser dei kampen på storskjerm og satsa på fleire folk i amfiet der, enn på tribunen i Stavanger.
Det meste blir til gull
Oilers-trenar Petter Thoresen står hittil med tre seriemeisterskap og fem cupgull, etter at han kom til Stavanger før 2009/10-sesongen.
Når han sluttar etter denne sesongen kan han ha plussa på med eitt cupgull til.
Les også: