Hopp til innhold

Her kastar dei søppelet ut på vegen

NRK-fotografen skulle berre filma bilkøen i Stavanger. Med på kjøpet fekk han masse søppel.

NRK-fotografen skulle berre filma bilkøen i Stavanger. Med på kjøpet fekk han masse søppel.

BRUKER KØ TIL BILREINGJERING: Personane i denne bilen fekk brukt kø-tida til å gjera det reint i bilen. Søppelet hamna på vegen. (Foto: Anders Fehn Redigering: Erik Waage)

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima
Helmer Berre

Sykkelentusiast Helmer Berre seier at Stavanger-vegane vanlegvis er reine og frie for søppel.

Foto: Julie Renee Buene / NRK

– Dei bør skamma seg! Eg trudde det var slutt på at folk gjorde slikt, seier leiar for sykkelløftet i Stavanger Næringsforening, Helmer Berre.

– Tankelaust

Han har nett sett videoen av ein bil som blir tømt for søppel medan den står i køen på sykkelvegen på Mariero i Stavanger. Søppelet hamnar i sykkelvegen.

– Det er veldig tankelaust av mange grunnar, men også trafikktryggleik. Når slike ting ligg i vegbanen kan det både vera farleg for syklistar og bilar, seier Berre.

Det var heilt tilfeldig at NRK-fotograf, Anders Fehn, fekk forsøplinga på film måndag ettermiddag. Han skulle eigentleg berre ha bilete av rushtidstrafikken, men blei svært overraska då det kom fykande heile seks brusboksar frå den eine bilen.

NRK har ikkje lukkast å koma i kontakt med bileigaren til bilen som søppelet blir kasta frå.

Ikkje vanleg med søppel langs Stavanger-vegane

Berre, som ofte er ute og syklar langs Stavanger-vegane, kan likevel slå fast at det ikkje er vanleg med søppel i vegbanen her.

– Spesielt ikkje i Stavanger, for her har feierutinane blitt heva nett med tanke på sykkelsatsinga. Me har regionen sin klart høgste standar når det kjem til å halda sykkelvegane reine for grus, gris og søl. I tillegg til snø og is, seier Berre.

Han seier at dette arbeidet har gjort at syklistane i byen kjenner seg tryggare nå enn tidlegare.

Ikkje første gong

Det er ikkje første gong den same NRK-fotografen har fanga ekstraordinære situasjonar i trafikken.

For fem år sidan skulle han bli med politiet på ein kontroll, der dei skulle stoppa bilar som køyrde ulovleg gjennom Tjensvollsenteret. Medan han filma kom ein bil, som hadde så nedisa vindauge at føraren ikkje såg politiet, som nesten blei nedkøyrde.

Sjå videoen her:

Video Politikontroll på Tjensvoll

SER IKKJE POLITIET – SUSAR FORBI: For fem år sidan skulle den same NRK-fotograf filma ein vanleg politikontroll, men den blei alt anna enn vanleg. Ein bilist hadde så mykje is på ruta at han ikkje såg politiet og køyrde nesten på den eine politimannen. (Foto: Anders Fehn)