Hopp til innhold

På skøyter med paraglider-propell

Sjekk ut korleis det gjekk når NRK Rogalands reporter, Bjørn Olav Skjæveland, gjorde ein 500-meter på skøyter med propell på ryggen.

Video PROPELLSKØYING

Foto: Tom Edvindsen

For ei veke sidan sette truleg Skjæveland ny verdsrekord i Sørmarka Arena, den nye skøytehallen i Stavanger. Som den første som med lauvblåsar, på ein skikkeleg skøytebane gjekk 500 meter.

Men med lauvblåsaren gjekk det likevel tregt. Sluttida blei tre minutt og ni sekunder.

Paraglider-propell

Onsdag var Skjæveland klar for meir fart og ny verdsrekord. Derfor stilla han opp i Sørmarka Arena med ein propell på ryggen.

– Eg har fått låna ein propell med motor til å ha på ryggen. Det er desse propellane paraglidarar har på ryggen, sa ein nervøs Skjæveland før stuntet.

Og det var tidleg klart at det var meir fart i propell-doningen med sine 18 hestekrefter enn med lauvblåsaren.

Raskt i svingane

– Det er ein alvorleg skyvekraft i den, når eg startar den må eg halda igjen, sa Skjæveland.

Og etter eit intensivt løp kunne tidtakaren konstantera at tida var nede på 45.41. Altså over to minutt raskare enn med lauvblåsaren.

– Det gjekk så fort at eg blei nøydt til å bremsa ned i svingane, skøyter med ein slik doning gav absolutt meirsmak, seier ein nøgd Sjæveland etter løpet.