Hopp til innhold

Nav gir krisehjelp til oljeindustrien

Bedrifter i oljefylket Rogaland har til saman varsla Nav om 2300 oppseiingar i september. Oljekrisa får skulda. Derfor kjem Nav på besøk for å gi råd.

OLJE

Mange offshoreansatte, spesielt i leverandørselskapa, vert sagt opp på grunn av nedgangen i oljeindustrien.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

– Me har lister over dei tilsette som viser kvar enkelt tilsett sin kompetanse og ansiennitet. Me har gått gjennom dei, namn for namn, saman med fagforeiningane, seier HR-direktør Rune Erland i oljeservicebedrifta Bilfinger.

Rune Erland

Rune Erland er HR-direktør i Bilfinger Industries.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Han har hatt travle dagar i det siste. For når bedrifta skal seia opp 600 tilsette krevst ein grundig jobb. Aktiviteten i olje- og gassnæringa er på veg ned, og fleire arbeidsplassar forsvinn. I dag annonserte Statoil at dei vil kutta mellom 1600 og 1900 stillingar.

– Status nå er at me har sendt ut dei formelle oppseiingsbreva. Dei blei sende ut i førre veke, så nå har alle dei som blir råka fått beskjed, seier Erland i Bilfinger.

Langt over normalen

Men Bilfinger er langt frå den einaste bedrifta knytt til oljebransjen som må kutta i arbeidsstokken.

Egil Tengs

Egil Tengs er avdelingsdirektør i NAV Rogaland.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Tal NRK har fått frå Nav viser at bedrifter i Rogaland til saman har varsla Nav om 2300 oppseiingar i september, i tillegg til 180 permitteringar. Det er langt over det normale.

– Det er i hovudsak oljenæringa, og spesielt leverandørindustrien som nå gjer omstillingar, seier avdelingsdirektør i Nav Rogaland, Egil Tengs.

Aibel, Aker Solutions, Subsea 7

Fleire oljeselskap har varsla nedbemanning. Aibel kutta først 230 tilsette i mars, så 250 tilsette i september, og nå 230 tilsette i oktober. Aker Solutions har varsla at mellom 520 og 540 tilsette er blitt til overs sidan sommaren.

Oljeserviceselskapet Subsea 7 reduserer arbeidsstokken med 100–150 mann i Norge. Statoil sel seg ned på norsk sokken, og fleire fryktar masseoppseiingar offshore.

– På ein normal månad får me varsel om mellom 50 – 400 oppseiingar. Nå er me oppe i 2300, som er eit enormt tal. Me veit ennå ikkje kven dei er. Det er ikkje sikkert dei veit det sjølv heller, men bedriftene er i gang med prosessen å finna ut kven som må gå, seier han.

Bedrifter må gi Nav beskjed dersom dei varslar oppseiing av fleire enn ti tilsette.

Tilbyr hjelp på arbeidsplassen

– Det er veldig trist for dei som blir råka. Me er vande med det, men det har ikkje tidlegare skjedd så fort, med så mange. Det er urovekkande, seier Rune Erland i Bilfinger.

Nav tilbyr nå kvar enkelt bedrift hjelp i den vanskelege tida, gjerne ute i bedriftene.

– Når det er klart kven som blir sagt opp, tilbyr me bedriftene besøk for å informera om regelverk, korleis dei kan bruka Nav og for å orientera om arbeidsmarknaden, seier Egil Tengs i Nav.

Bilfinger har tilsette over heile Skandinavia og derfor er det vanskeleg å samla dei som blir råka av nedskjeringane til møte med Nav. Derfor satsar dei på god intern informasjon.

– Det har vore så mange som har blitt råka at heile selskapet har hatt eit enormt informasjonsbehov. Me har prøvd å legga ut noko nytt på intranettet kvar dag, seier Erland.