Hopp til innhold

Subsea 7 seier opp 100–150 tilsette

Oljeserviceselskapet Subsea 7 reduserer arbeidsstokken med 100–150 mann i Norge.

Subsea 7, Vigra

Subsea 7 kuttar opp mot 150 tilsette. Biletet er frå bedrifta sin base på Vigra i Giske kommune.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Dei tilsette fekk beskjeden om nedbemanninga på eit allmøte tysdag.

– Situasjonen er alvorleg og me har starta ein prosess kor med nedbemannar. Dette vil råka 100–150 tilsette i Subsea 7 Norge, seier kommunikasjonssjef Jan Roger Moksnes i Subsea 7 Norge, til NRK.

Dårleg trend

Moksnes seier bedrifta ennå er tidleg i nedbemanningsprosessen og at dei derfor ikkje kan seia kor kutta vil ramma, men det skal vera snakk om tilsette som arbeider i Norge.

– Me legg opp til ein god dialog med våre tillitsvalde og fagforeiningar nå.

Kommunikasjonssjefen seier dette om årsakene til kutta:

– Dei siste månadane har me sett ytterlegare forseinkingar til prosjekt som er under planlegging. Dette er ei vidareføring av ein trend me har sett i den norske marknaden, og som blir stadfesta av Oljedirektoratet når dei kommenterer fråveret av plansøknader (PUD) frå operatørar i 2014.

Fleire nedbemannar

Subsea 7 er ikkje åleine i oljebransjen om å redusera arbeidsstokken. Tysdag blei det kjent at oljeservicebedrifta Bilfinger seier opp 600 arbeidarar. Årsaka er reduksjon i aktivitetsnivået til kundane, altså oljeselskapa.

Også opp mot 100 tilsette ved Aker Solutions i Bergen fekk tysdag beskjed om at dei må over til andre arbeidsoppgåver, i tillegg mistar 100 tilsette i forpleiingsselskapet ESS jobbane sine.

Kommunikasjonssjefen i Subsea 7 seier situasjonen for bransjen er veldig alvorleg.

– Situasjonen for ein heil industri er vanskeleg.

– Det er ingen som likar dette, seier klubbleiar Stig Roar Lyse Rødne i Subsea 7 i ein kort kommentar til NRK.

Subsea 7 har 950 landbaserte tilsette i Norge.