Hopp til innhold

Detonerte mine på populær badeplass

Ei mine som truleg stammar frå andre verdskrig vart funne på ei strand på Sandvesanden på Karmøy i går. I dag har forsvaret detonert mina.

Sprengde mina på Karmøy

Slik såg det ut då forsvaret sprengde ei mine på Karmøy i dag.

Foto: Alf Magne Grindhaug

I går ettermiddag fekk politiet melding om at det var gjort funn av noko som likna på ei mine på Sandvedsanden på Karmøy.

– Politiet rykka ut til staden. Me konfererte med forsvaret og meiner at funnet som er gjort er ei mine, seier operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Rune Plassen.

Forsvaret detonerte mina

Politiet hadde vakthald på staden gjennom heile natta, og i dag kom forsvaret med mannskap til staden, etter at politiet bad om bistand.

– Me trur at dette er ei mine som stammar frå andre verdskrig. Og det er det forsvaret som er spesialistar på. Dei gjer ei vurdering av kva ein må gjera. Om mina kan fraktast vekk, om den må sprengast på staden, eller om den berre kan bli liggjande, seier Plassen.

Etter vurdering frå forsvaret vart det bestemt å detonere mina i føremiddag.

Minefunn på Karmøy

Mina vart funnen i går ettermiddag. Politiet har halde vakt gjennom heile natta.

Foto: Blink Kjell Bua

Populær badeplass

Staden mina vart funnen på er ei populær badestrand. Og det er også tidlegare blitt gjort funn av miner i dette området.

– Me har fleire gonger tidlegare gjort funn av miner på vestsida av Karmøy, men eg er ikkje kjent med at nokon av dei har gått av ved eit uhell, seier Plassen.