Det er tid for lunsj for 2A på Sola Skole, matboksar i alle fargar er tatt ut av sekken og opp på pultane.
Henrik Skailand er veldig nøgd med dagens fangst.
– Ost, brød, smør, agurk, pølse og jordbær. Eg klarer å eta opp alt, seier Skailand stolt.
Lærar, Mette Vatne Johansen, fortel at foreldra dei siste åra har blitt meir bevisste på kva dei sender med ungane i matboksen.
– Dei får meir frukt og grønsaker enn tidlegare, dessutan er det mange som gjer seg flid med å skjæra opp maten, seier ho.
- Les òg:
- Les òg:
Matkunst
Men nokon gjer seg endå meir flid enn dette. Fleire og fleire mødrer sender med barna reine matkunstverk. Liv-Kirsten Henningsen, er mor til to som var ganske småetne, men det var før ho søkte råd på nett.
– Der fekk eg tips om ei bok eg kjøpte, saman med boka kjøpte eg mange småboksar til å ha i matboksane. Deretter byrja eg å laga dei nye nistepakkane.
Og nå får barna gjerne gulrøter trykt ut som små bokstavar, små boksar med mandlar, jordbær, sukkererter, yoghurt med musli og kanskje eit spanande egg.
– Dersom du etter koking legg egget i ei hjarteform, og spyler med kaldt vatn, får egget hjarteform, seier ho.
– Press for foreldra
Men ikkje alle meiner dette er den rette måten for å få barn til å eta sunt.
– Friske barn må kunne eta vanleg mat som liknar på vanleg mat. Det er noko gale om me til dømes ikkje kan eta ei fiskekake, som liknar på ei fiskekake, seier Elisabeth Lind Melbye, ernæringsfysiolog og forskar ved Universitetet i Stavanger.
- Les òg:
- NRK Super: Den som smører matpakken selv spiser den oftere opp
Ho trur mange foreldre kjenner på eit press når det gjeld matboksen dei sender med barna.
– Me les om dette fenomenet i avisene, på nett og på bloggar. Derfor kan ein lett tenka at det er dette som gjeld, og dersom ein ikkje lagar matpakka på denne måten er det ikkje godt nok, seier ho.
Merkar auke i butikkane
Og Camilla Christiansen som jobbar på Kitchen, på kjøpesenteret Amfi Madla, fortel om stor interesse frå mødrer.
– Spesielt små boksar til å ha inne i matboksane er populære. Dei spør også ofte etter matboksar som har mange små rom inne i seg.
Den første gongen Liv-Kirsten laga kunst av nistepakken la ho ut bilete på Facebook.
– Eg fekk veldig bra respons og det er jo det eg vil, eigentleg vil eg at alle skal byrja med dette og få sunne barn. Det tar ikkje særleg lang tid, ein må berre passa på å ha ingrediensane i hus, seier ho.
Ernæringsfysiolog Melbye fryktar større sosial skilnad i klasserommet framover.
– Det kan ikkje vera så greitt for dei barna som har ein ordinær, eller dårlegare matpakke enn dei andre barna. Du vil jo tydelegare sjå eit klasseskilje.
– Men kva vil du anbefala til foreldre som vil ha sunn mat i dei små?
– Mat kan vera spanande i seg sjølv, og eg vil gjerne slå eit slag for fargerik mat. Så det er min hjartesak, ja til fargerik mat.