Hopp til innhold

Først ut med ny ordførar

Det tek ikkje lang tid å telja opp stemmene i Norges minste kommune. Allereie før valvaket byrja var det klart at Marte Eide Klovning held fram som ordførar på Utsira.

Marte Eide Klovning

ÅRETS FØRSTE ORDFØRAR: Marte Eide Klovning representerer Utsira fellesliste. EI av to bygdelister i Utsira. Her er ho på valvake å den lokale spisestaden Dalanaustet.

Foto: Privat

Vallogo

På Utsira stengde vallokala allereie klokka 18.30 i kveld. Deretter var det fort gjort å telja opp dei 134 stemmene på øya der berre 159 personar har stemmerett.

Resultatet syner at Utsira fellesliste nok ein gong gjer det best med heile 60,2 prosent. Dermed får 31 år gamle Marte Eide Klovning halda fram som ordførar i fire nye år.

– Overraska og glad

– Eg er faktisk litt mållaus nett nå, seier ho på telefon til NRK.no like etter resultatet var klart.

Den einaste motstandaren hennar i valet var Geir Helge Rasmussen som stilte for Utsira bygdeliste.

– Eg trudde det skulle bli veldig jamt mellom oss. Nå er eg berre veldig overraska og glad for at eg får halda fram som ordførar, seier Eide Klovning til NRK.no.

Arrangerer valvake

Sjølv om spenninga rundt kommunevalet i Utsira er over har fleire folk samla seg for valvake på den lokale spisestaden Dalanaustet.

– Er det vanskeleg å halda engasjementet oppe, når resultatet er klart?

– Nei, her er me veldig interesserte i korleis det går i nabokommunane. Dessutan blir det også spanande å følgja med på fylkesvalet. For min eigen del skal eg senka skuldrene og feira nå.