Hopp til innhold

Mann omkom i fallulukke

Ein mann døde etter han fall 15 meter frå ein silo ved Norstone sitt industrianlegg i Årdal i føremiddag. Arbeidstilsynet er varsla om hendinga.

Norstone i Årdal

Ulukka skjedde ved industrianlegget til Norstone i Årdal i Ryfylke.

Foto: Google Maps

– Me er på åstaden, som er no er sikra. Personen har falle frå ein silo, frå ei høgd på om lag 15 meter. Me kan bekrefta at dette er ein mannsperson og at vedkomande er omkomen, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Karstein Tendenes til NRK klokka 10.35.

Kriminalteknikarar og Arbeidstilsynet er varsla.

Produksjonsanlegget til Norstone ligg på Mælsøyrane industriområde, og produserer sand og singel.

Det var klokka 09.43 politiet fekk melding om ulukka.

NRK kjem tilbake med meir.

Arbeidsulukke Årdal