Hopp til innhold

Ikkje så dystre framtidsutsikter likevel

Handelsstanden på Sand har vore bekymra for tida utan ferjetrafikk. Nå viser ei masteroppgåve at frykten kanskje bygger meir på myter enn fakta.

Sand i Suldal kommune

Ei masteroppgåve viser at Sand sentrum ikkje treng døy ut, sjølv om gjennomgangstrafikken forsvinn.

Foto: Trygve Berget

Når brua over Sandsfjorden opnar 27. november vil mykje av gjennomgangstrafikken på Sand i Suldal forsvinna. Det uroar handelsstanden som fryktar fallande omsetjing.

Med brua på plass blir det 2,5 km «blindveg» frå Bergekrossen (hovudvegen) til Sand sentrum.

Men nå viser ei masteroppgåve frå Universitetet i Stavanger at handelsstanden ikkje nødvendigvis mistar så mange kundar, sjølv om ferja snart ikkje lenger legg til rett i sentrum.

Det er Kristina Hjorteland (25), som sjølv er frå Suldal, som har laga masteroppgåva i faget byutvikling og urban design.

– For eksempel hadde eg ei spørjeundersøking med dei som tok ferja. Mange handla mat, men ikkje mange hadde vore innom detaljhandelen. Undersøkinga viser altså at folk ikkje bruker så mykje tid på handel når dei står i ferjekø, seier Hjorteland.

Liknes og Sand

Kristina Hjorteland

Kristina Hjorteland.

Foto: Magnus Stokka

Masteroppgåva viser også til eksempelet frå Kvinesdal, der
kommunesenteret Liknes opplevde både auka omsetnad og folkevekst etter at E39 blei lagt utanfor sentrum.

Liknes har likskapstrekk til Sand og viser at sandsbuen ikkje treng å frykta at sentrum dør ut, meiner masterstudenten, som nå har fått jobb i konsulentfirmaet Prosjektil på Forus.

– Me treng ikkje frykta at Sand sentrum dør ut, så lenge me klarer å jobba mot den trugselen som heilt klart er der. Dersom ein klarer å tenka på dei gode sidene med det som skjer, kan ein få eit mykje betre utfall enn dersom ein fokuserer på alt som kjem til å gå gale.

Tiltak

Hjorteland åtvar nå mot utviklinga med at butikkar og handel flyttar ut av sentrum og opp til Garaneset. Og i oppgåva listar 25-åringen opp fleire tiltak Suldal kommune kan gjennomføra for å møta framtida. Her er blant forslaga:

  • Bondemarknad
  • Loppemarknad/byttemarknad
  • Internasjonal marknad
  • Utstillingar
  • Torgkino
  • Førestillingar

– Eg trur at dersom me får eit større fokus på skapa eit attraktivt sentrum og grunnar til at folk ikkje berre skal handla der, vil ein kunna skapa eit meir levande sentrum, meiner Hjorteland.

Håpar å gjera noko med torget

Då NRK var i kontakt med ordførar Gerd Helen Bø (Sp) måndag, hadde ho ikkje lese oppgåva. Derfor ville ho ikkje kommentera saka.

Men den nye suldalsordføraren har tidlegare sagt at kommunen jobbar med ein reguleringsplan der ein blant anna håpar å gjera noko med torget på Sand.

– Så eg håpar at turistar og andre framleis kjem innom, sjølv om vegen går av der ute, sa ho til NRK då.