Hopp til innhold

Her lærer Asfalt-seljarane å sløkka brannar

Ti personar har mista livet i brannar i Rogaland så langt i år, og rusmisbrukarar er blant dei som er mest utsette for brannar. I dag fekk seljarar av bladet Asfalt i Stavanger besøk av brannvesenet.

Brannøving hos Asfalt.

VIDEO: I fem år har Asfalt-seljarane fått besøk av brannvesenet for å læra om branntryggleik. Desse er i høgrisikogruppa for å bli utsette for brannar, ifølge brannvesenet. Her er Daniel Sande i aksjon.

– Eg kjenner ei som døydde i ein brann for ikkje mange månadar sidan, seier Tor Egil Skipevåg, seljar av bladet Asfalt.

I dag fekk han læra korleis eit brannsløkkingsapparat fungerer av brannvesenet utanfor lokala til Asfalt ved Nytorget i Stavanger.

Dei fem siste åra har brannvesenet i Sør-Rogaland vore på besøk hos Asfalt-seljarane i Stavanger i desember for å snakka og læra dei om branntryggleik.

Tor Egil Skipevåg

Tor Egil Skipevåg, Asfalt-seljar.

Foto: Erik Waage

– Brann er farleg og nifst, og i slike kommunale leilegheiter som dei fleste av oss bur i kan det skje ganske mykje, seier Asfalt-seljar Sissel.

Verste brannår sidan 2009

Til nå i 2014 har ti personar mista livet i brannar i Rogaland, viser tal frå brannvesenet.

Så mange brannoffer har ikkje fylket registrert sidan 2009. Då var det elleve personar som omkom i brannar.

Branninspektør Øyvind Nermoen seier Asfalt-seljarane han besøker i dag er i høgrisikogruppa for å bli usette for brannar, og at dei fleste har opplevd brann.

Øyvind Nermoen

Branninspektør Øyvind Nermoen.

Foto: Erik Waage

– Det er viktig å kunne sløkka, men besøket vårt er også eit signal om at brannvesenet er til stades for alle. Me sette av tid til å vera i Sandnes i går og i dag er me i Stavanger. Me ønsker å bidra til å auka branntryggleiken, seier han.

– Farlegare fordi me rusar oss

Dei tilsette i Asfalt, Jobb1, har også spurt seljarane av bladet om kva erfaringar dei har med brannar. Arbeidsleiar Tom Erik Eltervåg seier mange har opplevd brannulukker.

– 15 av 20 svarte at dei har blitt redda eller fått hjelp av brannvesenet, så jobben brannvesenet gjer her i dag er heilt utruleg, seier han.

Også Asfalt-seljar Sissel seier dei fleste har opplevd brann på nært hald.

– For å seia det rett ut, så er det mykje farlegare for oss fordi me rusar oss. I desse juletider er det i alle fall farleg, seier ho.

Dødsbranner i Rogaland

Årstall

Antall omkomne i branner
i Rogaland

2009

6 personer

2010

3 personer

2011

2 personer

2012

3 personer

2013

6 personer

2014 (Hittil)

10 personer

Flere nyheter fra Rogaland