Hopp til innhold

Her gjekk gjesten til angrep på tre vakter – alle hamna på legevakta

Fleire dørvakter blei i natt angripne i Sandnes. Ein blei slått til blods med eit ølglas medan ein annan blei sparka i hovudet. – Det er på høg tid at me får eit ekstra vern i lova, seier avdelingsleiar i vaktselskapet PSS Securitas, Kristoffer Daldorff, etter hendingane.

Storm i Sandnes

Ved inngangspartiet til denne nattklubben i Sandnes blei ein vakt sparka i fjeset og to andre blei angripne. Folk på gata kom inn og hjelpte med å overmanna gjesten.

Foto: Erik Waage / NRK

Klokka ti på to natt til sundag melder politiet at ein vakt på ein bar i Sandnes har blitt slått til blods med eit ølglas. Det var ein mann på femti år som stod bak ugjerninga. Politiet avhøyrde han på staden og viste han vekk frå sentrum. Dei har oppretta ei politisak.

Halvannan time seinare kom ei ny melding frå politiet. Ein 22 år gamal mann gjekk til angrep på tre vakter på nattklubben Storm, også dette i Sandnes. Ein av vaktene blei sparka i hovudet, og alle tre måtte til legevakta for sjekk.

Politiet tok 22-åringen inn i arresten. Dei har avhøyrt han og han er nå lauslaten.

– Han har erkjent forholdet og det ser ut til å vera den klassiske «fylla har skylda»-forklaringa, seier vaktleiar ved Sandnes politistasjon, Hanne Nedrebø.

Dei vurderar nå vidare etterforsking, eller om saka skal sendast over til jurist, som avgjer den vidare gangen.

– Det var tydeleg at han var trent i kampsport

Gary Taylor driv Storm nattklubb og var sjølv involvert i episoden som skjedde der.

Storm nattklubb

Det gjekk hardt føre seg på Storm nattklubb natt til sundag.

Foto: Erik Waage / NRK

– Det var ein gjest hos oss som slo til ein annan, for så å gå ned og ut gjennom utgangsdøra. Der blei han stoppa av ein vakt, men likte ikkje å bli heldt igjen. Han gjekk derfor til angrep på vaktene, fortel Taylor.

Eigaren gjekk først for å hjelpa den fornærma gjesten, deretter forstod han at det var bråk nede og gjekk ut.

– Gjesten og ein utanforståande kamerat hadde byrja å banka opp den eine dørvakta, men straks kom to andre vakter til for å hjelpa. Det var heilt tydeleg at gjesten var trent i kampsport. Han sparka den eine vakta i fjeset slik han falt om, og var vekke ei lita stund, det var ganske dramatisk, seier han.

Sjølv fortel han at han har kutt i fjeset og merker på hendene etter han sjølv involverte seg i kampen som gjekk føre seg. Han roser tilfeldige forbipasserande for innsatsen dei gjorde.

– Det var fint å sjå at folk brydde seg, det kom folk inn frå gata inn og hjelpte oss med å overmanna gjesten, seier han.

Og til slutt kom altså politiet.

– Me har eit bra samarbeid med politiet og er takksame for at dei kom så fort, seier Taylor.

Han legg til at det var ei svært trist hending, men meiner at det er heilt tilfeldig at fire vakter blir ramma same kveld i Sandnes og seier at det ikkje er ofte dei har slike alvorlege hendingar.

– Etter å ha jobba i mange år i utelivsbransjen i Sandnes, meiner eg framleis at dette er er ein trygg by å bu i. Dei aller fleste kan oppføra seg, avsluttar han.

Politiet sine meldingar på Twitter:

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

– Me bør ha ekstra vern i lova

Dei tre vaktene på Storm jobba for PSS Securitas. Her er det Kristoffer Daldorff som er avdelingsleiar i Rogaland, han seier at det er forferdeleg når denne type hendingar skjer.

Kristoffer Daldorff

Kristoffer Daldorff i PSS Securitas meiner at dørvakter burde hatt eit ekstra vern i lova.

Foto: Privat

– Eg har snakka med alle dei involverte vaktene i dag, og dei seier heldigvis at dei har det bra. Mannen som blei sparka i fjeset har vore under ekstra observasjon i natt, men det skal gå bra med han også, fortel Daldorff.

Alle får tilbod om samtalar og hjelp til å handsama den vidare gangen med politiet, legg Daldorff til. Han meiner det er svært viktig at politiet tar denne type saker på alvor.

– Det er det offentlege som stiller krav til barane skal ha vakter i dørene og me er uniformerte. Då er det forferdeleg trist og uakseptabelt at me skal oppleva slike ting, seier han.

Han seier at dørvakter er ei av dei mest utsette yrkesgruppene me har.

– Berre i Rogaland har me ein til to episodar kvar månad der dørvakter må sendast til legevakta etter å ha blitt angripne av gjestar.

Han meiner at dørvaktene på lik linje med politiet burde hatt eit ekstra vern i lova.

– Hadde det vore ein politimann som blei sparka i fjeset, med to andre politimenn som vitne, hadde dette vore ei langt meir alvorleg sak. Me står i døra med dei same rettane som vanlege folk, sjølv om det offentlege krev at me er til stades. Det som skjedde i Sandnes i helga og det som me ser alt for mykje av elles også er tydelege døme på at me burde hatt det same vernet i lova som offentlege tenestemenn, avsluttar han.