Hopp til innhold

Politiet fann knivstukken mann i Sandnes

Ei politipatrulje fann ein skada mann (30) like ved ein utestad i Sandnes i 02-tida natt til søndag. Det var blod i gata og det kunne sjå ut som mannen var stukken med kniv.

Politipatrulje i Sandnes sentrum ved Renseriet

Fleire politipatruljer kom til staden i Sandnes der knivstikkinga truleg skjedde i natt.

Foto: Lesarbilde

Mannen blei køyrd til SUS med ambulanse. Han er foreløpig ikkje avhøyrd og det er heller ikkje klårt om han er alvorleg skada.

Redd 14-åring ringde politiet

Ein redd 14-åring, som var åleine heime i Kopervik, ringde politiet for å få hjelp klokka 01.45 i natt. Ei rute i huset var blitt knust og han frykta innbrot. Det viste seg å vera ein rusa mann (21), som hadde gått inn i feil hus.

Russen er i festhumør

Det kom klagar fleire stader i fylket til politiet om russ som hadde høglydte festar, natt til søndag. Det var musikkanlegga til russen som tok nattesøvnen frå fleire folk. Politiet har gitt fleire åtvaringar til førarar av russebilar- og bussar.

Ville ikkje høyra på politiet

Ein rusa gjest (23) på ein utestad i Sokndal, gjekk til angrep på politiet, som blei tilkalla for å roa mannen ned. Dette skjedde i 02-tida i natt. Politiet oppretta sak, og sende deretter mannen heim.

To for ein

Ein rusa bilførar (30) blei stoppa av ei politipatrulje i Sandnes kl. 02:30, og tatt med til legevakta for å ta blodprøve. På vegen dit kom patruljen over nok ein rusa bilførar (53), som også måtte bli med. Politiet tok førarkorta frå begge.