Hopp til innhold

Her blokkerer rånarane ferjekaien

Folk på Kvitsøy føler seg truga av rånarar som invaderer ferjekaien på Mekjarvik på søndagar. – Problemet har eskalert dei siste åra, seier ordførar Mirjam Ydstebø (KrF).

Støy, mykje røyk og brent lukt var det som møtte Elisabet Holmgard Pedersen på ferjekaien i Mekjarvik då ho skulle ta ferja heim til Kvitsøy søndag kveld.

Ho trur fort det kan vera snakk om 100 bilar som var samla, i tillegg til mykje folk. Det gjorde det vanskeleg å ta seg fram med bil.

– Føler oss truga

Elisabet Holmgard Pedersen

Elisabet Holmgard Pedersen.

Foto: Privat

Ifølge Holmgard Pedersen dreiv rånarane med kappkøying, blokade av ferjebommen, i tillegg til at dei lagde bråk og støy. Mens ho venta på ferja søndag melde ho råninga til politiet.

– Dette er farleg både for dei som driv med dette og oss andre. Me som bur på Kvitsøy har ikkje andre moglegheiter til å komma heim enn denne ferja og føler oss truga. Me fryktar for alvorlege ulukker, seier ho.

Råning og hærverk mot bilar som står parkert i Mekjarvik har pågått lenge. I hovudsak er det på søndagskveldane rånarane samlast. Ifølge Kvitsøy-ordførar Mirjam Ydstebø har problemet eskalert dei siste åra.

– Før starta bråket stort sett etter siste ferja etter 22.30, nå samlast rånarane frå 21-tida. Me går berre å ventar på at det skal skje ei alvorleg ulukke, seier ordføraren.

Krev konkrete tiltak

Mirjam Ydstebø

Mirjam Ydstebø, ordførar i Kvitsøy (KrF).

Foto: Kristelig Folkeparti

Fleire gonger har kommunen, som er Norges minste målt i areal, vore i kontakt med politiet og Vegvesenet for å finna ei løysing på problemet. Men lite og ingenting er gjort.

– Kva bør bli gjort?

Her må dei som kan gjera noko, altså politiet og Vegvesenet setja seg saman for å finna konkrete tiltak. Kva det bør vera er opp til dei, seier ho.

Holmgard Pedersen kjenner ikkje til at nokon har vore i kontakt med rånarmiljøet. Men er klar på at dei bør bort frå området.

– Eg synst ikkje Mekjarvik er ein plass for råning. Å stenga av området med bom eller fartsdumpar er tiltak som bør vurderast, seier ho.

Politiet vil ha fartshumpar

Politibetjent Rune Svensen

Rune Svensen, leiar for trafikkseksjonen ved Rogaland politidistrikt.

Foto: John Gunnar Skien / NRK

Rune Svensen er leiar for trafikkseksjonen ved Rogaland politidistrikt. Han seier politiet tidlegare har hatt patruljar som har sett farlege situasjonar på Mekjarvik og at det er tatt beslag på førarkort.

Han er likevel ikkje informert om at situasjonen er forverra, slik ordføraren hevdar.

– Viss det nå er slik at rånarane forstyrrar ferjetrafikken, må me prioritera å få sendt ut politipatruljar på søndagar. Men dette kjem an på kva som skjer av andre ting, det er operasjonsleiaren i politiet som styrer dette, seier han.

Politiet har tidlegare hatt dialog med Vegvesenet om faste tiltak, og kjem nå til å fremja dette nok ein gong.

– Politiet ønsker permanente tiltak, for eksempel fartshumpar på hovudvegen frå kaiområdet i Mekjarvik, seier Svensen.