Hopp til innhold

Jan Egil byrja å mekke i barndommen – no har han hatt nesten 500 bilar…

Jan Egil Kristiansen har hatt mellom 400 og 500 bilar gjennom sitt 39 år lange liv. No har han rundt 20 bilar og har funne den eine han aldri vil selje.

Jan Egil Kristiansen

RÅNEKONGE: Jan Egil Kristiansen er godt over snittet interessert i bilar. Men som rånekonge har han abdisert.

Foto: Johan Moen / NRK

– Denne sel eg aldri. Eg har kanskje sagt det om andre bilar tidlegare, men denne gongen er eg sikker, seier Kristiansen.

Ein av bilane til Jan Egil Kristiansen

1964-MODELL: Jan Egil Kristiansen har mange «glis» i bilparken sin. Mellom anna ein Mercedes 220 SE coupe frå 1964.

Foto: Johan Moen / NRK

Han står i garasjen sin i Førde framfor ein kvit Mercedes 220 SE coupe 1964-modell. Bilen er dekorert med klistremerke og ber preg av å ha vore i bruk.

– Eg er ikkje opptatt av at det skal vere så elegant, så lenge det tekniske fungerer og det er litt tøft, fortel Kristiansen.

Stabla flasker i bytte mot bensin

Bilentusiasten har 20 bilar ståande på tomta og på eit gardsbruk i Skifjorden. Kristiansen har fleire ulike typar bilar i bilparken, men har eit spesielt godt auge til Mercedes og amerikanske «muskelbilar».

Det viktigaste for Kristiansen er at bilane ikkje skal stå på utstilling, men kunne brukast. 39-åringen deltek på ulike løp med bilane, og no er det billøp på is som er det store.

(Artikkelen held fram under videoen)

Bli med og se bilsamlingen

SJÅ TV-SAK: Jan Egil Kristiansen er den abdiserte rånekongen i Førde. (FOTO/REDIGERING: Johan Moen/NRK)

Kristiansen fortel at bilinteressa er medfødd og at han allereie i barneåra var oppteken av alt med motor.

– Eg var vel 10–12 år då eg stabla flasker hjå ein nabo i bytte mot nokre liter bensin slik at eg kunne køyre moped, seier Kristiansen.

Ein av Jan Egil Kristiansen sine mange bilar

STASELEG: Ein av dei nær 500 bilane som Jan Egil Kristiansen har hatt gjennom sitt 39-årige liv.

Foto: Johan Moen / NRK

No har interessa gått i arv til dei tre sønene.

– Yngstemann skrur og jobbar på. Han er 12 år, men har allereie god kompetanse på feltet og synest det er grufullt lenge til han kan køyre sjølv, seier bilentusiasten.

Rånekongen har abdisert

I kjellaren på garasjen står det to bilar under beskyttande trekk. Etter kvart som trekka forsvinn dukkar det opp ein Ford Capri 77-modell med V6 motor og ein Pontiac Trans Am, av typen som var med i filmen Smokey and the Bandit frå 1977.

– Det er klart at eg får nokre blikk når eg køyrer rundt i desse bilane. Det er mange som kjem bort og vil prate om bil og motor, seier Kristiansen.

Jan Egil Kristiansen har også traktorar i bilparken sin.

TRAKTOR: Det er ikkje berre bilar Jan Egil Kristiansen har i køyretøyparken sin.

Foto: Johan Moen / NRK

Mellom dekk, mopedar og reservedelar i garasjen står det siste fullskala prosjektet til Kristiansen – ein bil han byggjer opp frå «ingenting».

– Dette var noko eg jobba mykje med før, men dette blir nok det siste prosjektet i denne storleiken, seier han.

Kristiansen får både glede og irritasjon gjennom bilinteressa, og fortel at det er det som driv han.

To av Jan Egil Kristiansen sine bilar

ENTUSIAST: Nytt og gamalt, side om side.

Foto: Johan Moen / NRK

– Eg blir irritert når eg står fast og ikkje får til det eg har tenkt. Samstundes er gleda av å få noko til å virke som andre har gjeve opp, heilt fantastisk, seier 39-åringen.

Tidlegare var Kristiansen sterkt inne i rånemiljøet, men han har no redusert råninga til fordel for fine kveldsturar med sønene.

– Eg rånar ikkje på same måte som før, men har eg fått nye dekk på ein bil vert det fort ein tur opp til SparKjøp for å spegle bilen i vindauga der, seier han.

Ressurskrevjande

Bilinteressa er ressurskrevjande for Kristiansen, både økonomisk og tidsmessig.

– Eg fekk nettopp ei helsing frå Tollvesenet med ni årsavgifter, så det vart ein fin sum, fortel han.

Ein av Jan Egil Kristiansen sine mange bilar

STASELEG: Ein av dei nær 500 bilane som Jan Egil Kristiansen har hatt gjennom sitt 39-årige liv.

Foto: Johan Moen / NRK

Bilentusiasten er utdanna motorsykkelmekanikar, men jobbar i Nordsjøen som serviceingeniør for å få mest mogleg tid til lidenskapen. På det meste stod han i garasjen frå åtte om morgonen til elleve om kvelden, men dette har endra seg.

– No går eg ut i garasjen når ungane er reist på skulen og står der til dei kjem att, seier Kristiansen.

Leitar etter gull i Amerika

Sjølv om 39-åringen har ein stor bilpark ser han alltid etter nye investeringsmoglegheiter. No går reisa til Amerika.

Frå innsida på ein av Jan Egil Kristiansen sine bilar.

STAS: Slike speedometer finn ein ikkje på moderne bilar.

Foto: Johan Moen / NRK

– Vi er fire stykk som skal reise over til Amerika for å pleie interessa og vi har reservert plass til seks nye bilar på vegen tilbake. Men sjansen er der for at vi oppjusterer til ni, seier han.

Kristiansen har sett seg i Pontiacen og gliset er på plass.

– Det er ei god kjensle når bilen startar på fyrste forsøk og ein høyrer duren frå motoren. Eg er altetande når det kjem til bil – alle bilar har noko imponerande, seier han.