Hopp til innhold

Ingen løysing i sikte for rånarane

Rånarane på Nord-Jæren lovar mindre blårøyk og råkøyring. Men ingen vil gi plass til bil-ungdommen. Sjølv nektar dei å bli klubbmedlemmar for å disponera motorsportbanen på Hellvik.

Kim Andre Olsen

– I utgangspunktet vil me ha ein plass kor me kan samlast berre for det sosiale, seier rånetalsmann Kim Andre Olsen.

Foto: Magnus Stokka

– Me er ute etter ein samlingsplass kor det ikkje vil gå føre seg spinning og herjing, og fleire i miljøet er villige til å stille som vakter for å halda orden, seier Kim Andre Olsen.

Olsen er talsperson for det uorganiserte rånemiljøet på Nord-Jæren. Eit miljø som ifølge han sjølv tel opp mot 500–600 personar.

Vil ikkje bli klubbmedlem

Rånarane er på desperat jakt etter ein ny tilhaldsstad etter at dei blei jaga frå ferjekaien i Mekjarvik i fjor haust. Der sperra dei kaien på søndagskveldane og køyrde så aggressivt at fleire ferjereisande til Kvitsøy blei redde.

Fleire tiltak for å få rånarane vekk er vedtatt, og rånarane har protestert. NAF opna også opp for at dei bilfrelste kunne vera ein dag i veka på motorsportbanen på Hellvik. Eit tilbod rånarane nå har takka nei til.

– Dei kravde at me måtte bli medlem i NAF Motorsport. Eit klubbmedlemskap er me ikkje interesserte i, seier Olsen.

Nei frå fleire bedrifter

Rånemiljøet har også vore i kontakt med IKEA om å låna parkeringsplassen deira, og Statoil om å låna parkeringa ved travbanen på Forus. Foreløpig har dei berre fått nei til svar.

Mirjam Ydstebø

Kvitsøy-ordførar Mirjam Ydstebø (KrF).

Foto: Kristelig Folkeparti

– Me synst det er dumt. I nesten kvart eit nabolag er det ein fotballbane, men for oss motorsportinteresserte finst det ingen samlingsplass.

– Men når politiet har slått fast at ein del av råneaktiviteten er ulovleg, forstår du då at bedrifter og folk er skeptiske?

– Eg forstår det. Men me er i hovudsak to store klubbar som vil få ting skikkeleg nå. Me samarbeider om å få vakter og støtte for at me ikkje skal driva med det ulovlege, seier Olsen.

Kvitsøy-ordførar: – Burde takka ja

Men ordførar i Kvitsøy, og ei av dei som har kjempa for å få rånarane vekk frå Mekjarvik, Mirjam Ydstebø (KrF), meiner bil-ungdommen burde sagt ja til motorsportbanen på Hellvik.

– Det vil vera vanskeleg for dei å finna ein plass å køyra slik dei vil elles. Ein bane der det ligg til rette for råning, burde vera ei god løysing, meiner Ydstebø.

– I utgangspunktet vil me ha ein plass kor me kan samlast berre for det sosiale, avsluttar Olsen.

Det er et stort rånemiljø på ferjekaien i Mekjarvik i helgene. Folk som skal ta ferja til Kvitsøy er redde og frykter alvorlige ulykker, men rånerne selv mener de tar hensyn.

ARKIVVIDEO (22.09.14): Det var i fjor eit stort rånemiljø på ferjekaien i Mekjarvik på søndagane. Nå har aktiviteten tatt seg ned.