Hopp til innhold

– Me har laga noko heilt spesielt

I USA er han travelt oppteken med turnering, musikkproduksjon og taco-eting, men hjemme i Haugesund skaper Lido magi med Kringkastingsorkesteret.

KORK og Lido i vannvittig samspill fra torsdagens Sildajazz

VIDEO: Se låten «Drowning» fra konserten torsdag kveld. NRK.no sendte hele konserten direkte.

Artisten Lido, eller Peder Losnegård som han eigentleg heiter, er for tida heime på Haugalandet i samanheng med ein konsert han skal ha på Sildajazz i Haugesund.

Han skal spela saman med KORK, og er ikkje snau i ordbruken før konserten, mest på grunn av hans store begeistring for NRK sitt husorkester.

– Eg trur det blir magisk både for meg og for dei som kjem og høyrer på. Dette er ein jobb eg har hatt lyst til å gjera lenge, og eg er ein frykteleg stor fan av orkesteret. Så det blir både ei ære og ein fest, seier Lido til NRK.no dagen før konserten.

Frå opningskonserten i Stavanger konserthus 15. september 2012.

SAMAN MED SSO: Kveldens KORK-konsert er ikkje første gong Lido opptrer saman med eit symfoniorkester. Her kan du sjå han saman med Stavanger symfoniorkester under opninga av Stavanger konserthus for tre år sidan. Den gong kalla han seg Lidolido.

– Noko heilt nytt

Sjølv om Lido har spelt med eit symfoniorkester tidlegare, seier han at konserten i kveld blir noko heilt nytt.

– Det blir noko annleis. Etter øvinga sa dei at dei ikkje har vore borti noko liknande. Eg prøver å laga sjangerlaus, tidlaus og unik musikk, så det blir noko heilt eige når eg får med meg eit heilt orkester på dette, forklarer han.

Sjølv om han er svært glad for å vera heime, har mannen frå Tysvær det ikkje heilt gale i Los Angeles heller.

– Eg lev livet, et nachos og har det alt for varmt, seier han spøkjefullt.

Nytt album i 2016

Innimellom alt dette er han framleis ein produktiv, sjølv om han har gitt ut lite som soloartist den siste tida. Han skriv nemleg musikk for andre artistar for tida, og har hovudfokuset sitt på det.

Men fansen treng ikkje fortvila, det kjem snart meir reindyrka Lido-musikk:

– Eg jobbar med eit album, som eg er omtrent halvvegs med, eg reknar med at dette kjem ut tidleg neste år. I mellomtida kjem det nok eit par andre samarbeidsprosjekt som eg har på gang, seier han.

Peder Losnegård (foran), orkestersjef Rolf Lennart Stensø i KORK og Sildajazz-sjef, Bjarne Dankel.

KORK OG LIDO PÅ SILDAJAZZ: Peder Losnegård aka Lido (fremst), orkestersjef Rolf Lennart Stensø i KORK og Sildajazz-sjef, Bjarne Dankel.

Foto: Rosa Iren Villalobos / NRK