Hopp til innhold

Dei vil ha kreftdiagnose innan 48 timar

Torsdag gjekk startskotet for det som kan bli ein nasjonal folkeaksjon. Gruppa som hadde folkemøte på Sandnes Kulturhus krev kreft-diagnose innan 48 timar, slik dei allereie har det i Danmark.

Video Garanti om rask kreftdiagnose

Halvor Wilberg og Arvid Nesse har begge mista nær familie i kreft, nå har dei starta folkeaksjonen «Innen 48 timer». (Foto: Ole-André Lagmandokk)

Bent Høie

Bent Høie (H) gjer si fulle støtte til folkeaksjonen.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

«Innen 48 timer» kallar dei seg, og «folk dør i kø» er slagordet, for det er det dei meiner skjer i eit helse Norge som på dette området ikkje er på høgde med Danmark.

– Sjå til Danmark

I Danmark har dei nemleg ein garanti for at det ikkje skal gå lenger enn 48 timar frå mistanke om kreft til ein eventuell diagnose er på plass.

– Det er snakk om å få det opp på same nivå som hjerteinfarkt og hjernebløding, desse blir rekna som ein akutt sjukdom. Kreft kan du gå med i lange tider og koma for seint, så har du kanskje berre ein månad igjen, seier Halvor Wilberg.

Han og Arvid Nesse har begge mista nær familie i kreft, og veit kva ventetid kan ha å seia av ekstra last, og det er dei som har teke initiativ til folkeaksjonen som får støtte frå høgste hald.

Brei støtte

Både politikarar og kreftlegar støttar aksjonen.

Bent Høie frå Høgre som er leiar i Stortingets helse- og omsorgskomité seier at fleire PET-CT-maskinar på norske sjukehus, med kompetanse, er det som må til.

Dette er maskinar som skannar heile kroppen og kan gje diagnose innan 48 timar. Danmark har 30 PET-CT-maskinar medan Norge har fire:

– Dei har eit heilt anna PET-CT-tilbod enn me har i Norge, og dersom me skal nasjonalt råd på alvor, noko me sjølvsagt skal, er det behov for fleire slike maskinar i landet, seier Høie.

Åpning av PET-senteret på Ullevål

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen og Grete Waitz åpner PET-senteret på Ullevål sykehus 14. februar 2011.

Foto: Anders Leines / NRK

Ubrukte maskinar

Eit problem som har vist seg med desse maskinane er at sjukehusa manglar fagkompetanse til å bruka dei så mykje som dei burde.

I Oslo fekk Ullevål sjukehus ein ny kreftscannar til 30 millionar kroner i gåve. Men den er berre i bruk ein til to dagar i veka.

Også i Bergen opplever dei at livreddane utstyr står ubrukt på Haukeli .

Optimistar

Men sjølv om scannarane er dyre og krev spesialkompetanse, er eldsjelene i folkeaksjonen ikkje i tvil om det vil gå mot det betre om dei legg press på saka.

– Det er sterk vilje som må til, og det trur eg finnes når me byrjar å løfta denne saka, seier Arvid Nesse.

På folkemøtet i kveld, blei det vist stor optimisme blant dei frammøtte. Det blei også avtalt å laga eit manifest over korleis logistikken rundt kreftbehandlinga i Norge bør vera, dette skal bli gjort på Montebellosenteret.

PET/CT-scannarar i Norge

I Norge er det tre PET-CT-maskinar i Oslo, ein i Bergen og ein i Nordland. Høie meiner Stavanger bør stå for tur.

Foto: Grafikk / NRK