Bortimot 400 millionar kroner skal gå til ekstra lærarstillingar på første og fjerde trinn i rundt 300 norske skular. Samtidig skal 50 millionar kroner gå til forsking på effekten av forsøket, melder Forskingsrådet.
Les også:
Les også:
I alt er 40 kommunar involvert i prosjektet, og forskingsinstituttet NIFU skal i samarbeid med stå for forskinga, ifølgje Klassekampen. Det er Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger som skal gjennomføra den delen av studien som har med lesing å gjere.
28 millioner går direkte til forskingsprosjektet, mens 132 millionar kronar går til lærarressursar ved 150 deltakerskuler i Agder, Rogaland og Hordaland.
Skal teste ut fleire metodar
– Dei siste åra har det blitt bevilga mykje pengar til fleire lærarar dei første skoleåra. Men å berre setje inn ein ekstra lærar i klasserommet og halde fram som vanleg, vil neppe føre til at elevane lærer veldig mykje meir. Målet er å sjå koreis lærarane bør jobba for at det å ha fleire lærarar kan nyttes best mogeleg, og gje best mogeleg læringsutbyte for elevane. Dette er mellom det vi ønskjer å finne ut meir av.
Det seier førsteamanuensis Oddny Judith Solheim, som skal leie prosjektet ved Lesesenteret.
Det blir opp til forskarane å bestemme korleis dei nye lærarstillingane skal fordelast, i samråd med kommunane og skulane som deltek. Forskarane skal teste ut fleire måtar å bruke lærarane på, blant anna gjennom tolærarsystem, undervisning i smågrupper og målretta innsats mot elevar med særskilde utfordringar.
Les også:
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) seier han er spent på resultata.
Vi veit i dag for lite om korleis lærartettleik påverkar læringa til elevane og læringsmiljøet, seier Isaksen