- LES OGSÅ:
Bør det byggjast ny veg over Høg-Jæren i staden for fire felt på dagens E39?
Dagens E39 gjennom Bjerkreim er planlagd utvida til fire felt. Eit privat initiativ har løfta fram tanken om å i staden byggja ein heilt ny veg over Høg-Jæren. Det vil spare jordbruksjord og passe betre til dei transportbehova regionen har, meiner tilhengjarane. Men motstandarane fryktar at fleire utgreiingar vil forsinke heile utbygginga av E39, og gjera det vanskeleg å utvikle Vikeså sentrum.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Haster det med ny sjukeheim på Vikeså?
Dagens sjukeheim på Vikeså er for liten og har dårlege tilhøve for dei tilsette. Både rehabilitering, påbygg og heilt ny sjukeheim har vore diskutert i fleire år, men er blitt utsett av økonomiske grunnar.
Er Bjerkreim er for liten til å kunne greie seg som eigen kommune?
Dagens kommunestyre ønsker at Bjerkreim skal halda fram som eigen kommune, men er likevel med på samtalar både med dei andre Dalane-kommunane og med Gjesdal og Hå. Skeptikarane til å stå aleine meiner kommunen ikkje kjem til å kunne ta seg av alle naudsynte oppgåver i framtida.
- LES OGSÅ:
Skal Bjerkreim halda fram med å ta imot flyktningar?
I fjor tok Bjerkreim imot flyktningar for første gang på svært mange år. 10 flyktningar kom da til kommunen. Det har gått bra, meiner dei som vil ta imot fleire, medan andre meiner at kommunen bør vurdere konsekvensane før dei seier ja.
- LES OGSÅ: Kommunene klarer ikke bosette nok flyktninger
- LES OGSÅ: Så mange flyktninger bosatte din kommune i fjor
Bør alle butikkar som ønskjer det, få halde ope på vanlege sundagar, dersom Stortinget tillèt det?
- ALT OM: Søndagsåpne butikker
- LES OGSÅ: Går i sitt første tog mot søndagsåpent