Hopp til innhold

Syria kjempar mot utfrysing

Syria ber om eit krisemøte i Den arabiske liga for å oppheva sanksjonane mot landet.

SYRIA

Det syriske regimet sine overgrep mot sivile held fram. Søndag møtte den upopulære presidenten Bashar al-Assad overhovudet for den ortodokse kyrkja i Russland for å diskutera konflikten i Syria.

Foto: SANA / Reuters

Regimet i Syria ber søndag om eit nytt krisemøte i Den arabiske liga, etter at forbundet i går vedtok å suspendera Syria som medlem, og å innføra økonomiske og politiske sanksjonar mot landet.

Føremålet med eit nytt hastemøte er å diskutera «dei negative konsekvensane av den arabiske situasjonen», ifølgje statleg syrisk fjernsyn.

– Vestleg agenda

Den arabiske liga vedtok laurdag å suspendera Syria frå forbundet, som følgje av nye valdshandlingar og drap på demonstrantar.

USA og EU hyllar ekskluderingsvedtaket, som trer i kraft onsdag 16.november. Syriske styresmakter er i harnisk, og meiner ligaen følgjer ein vestleg og amerikansk agenda.

Syria ønskjer truleg ein ny sjanse til å overbevisa ligaen om at ekskluderinga ikkje er rettkomen og bør bli annullert.

Ein talsmann for utanriksdepartementet i Algerie seier søndag kveld at utanriksministrane til medlemslanda i forbundet skal ha eit møte om situasjonen i Syria onsdag. Møtet skal foregå i Rabat, hovudstaden i Marokko.

Fredsplan stoppa ikkje valden

Så langt er, ifølgje FN, minst 3500 menneske drepne i den åtte månader lange blodige konflikten i Syria, der opposisjonen krev at presidenten Bashar al-Assad går av.

Søndag skaut og drap syriske regjeringsstyrkar åtte personar som ropa slagord mot presidenten under ein organisert pro-Assad demonstrasjon i byen Hama.

Dei grufulle handlingane held fram, til tross for at syriske styresmakter i starten av november gjekk med på ein fredsplan frå ligaen.

Fredsplanen krev at politiske fangar slepp fri, at hæren trekkjer seg ut av fleire byar, og at journalistar og observatørar får bevega seg fritt i landet.

Menneskerettsgrupper i landet hevdar at regimet i staden har intensivert kampen mot opposisjonen, særleg i byen Homs som i lengre tid har vore kringseten av regjeringsstyrkar.

Nei til vestleg intervensjon

I februar ekskluderte vart Libya ekskludert frå ligaen som følgje av overgrepa mot sivile. Suspensjonen var avgjerande for at FN valde å gje klarsignal til NATO-operasjonen som omsider bidrog til styringa av Muammar Gaddafi.

Sjølv om det er usannsynleg at det vil bli sett i gang ein vestleg militæroperasjon i Syria som følgje av dei ferske sanksjonane, vil dei krasse reaksjonane frå ligaen truleg oppmuntra det internasjonale samfunnet til å leggja større press på regimet.

– Me ønskjer ikkje utanlandsk intervensjon i Syria. Me vil ikkje væpna opposisjoner eller innføra flyforbod, seier Sheikh Hamad bin Jassim, som er statsminister i Qatar.

SISTE NYTT

Siste nytt