Hopp til innhold

Stormen «Rina» har blitt orkan

«Rina» har måndag auka frå tropisk storm til orkan styrke. Den vil truleg bli endå kraftigare før den når kysten av Mellom-Amerika.

CENTRAM-MEXICO-US-WEATHE

Orkanen Rina nærmar seg kysten av Nicaragua og Honduras, og vil auka i styrke i løpet av dei neste dagane.

Foto: HO / Afp

Det nasjonale orkansenteret i USA varslar måndag kveld at tropestormen «Rina» har nådd orkan styrke.

Orkanen kan gå over til stororkan innan onsdag ifølgje det nasjonale orkansenteret i Florida, USA.

Mot ny stororkan

Rina hadde tidlegare måndag vindar oppe i 72 kilometer kilometer i timen og beveger seg i nordvestleg retning.

Stormsenteret til orkanen Rina låg måndag 305 kilometer sørvest for øya Grand Cayman i Det karibiske hav.

Uvêret nærmar seg kysten i grensestroka mellom Nicaragua og Honduras, og prognosane indikerer at Rina vil auka i betrakteleg i styrke i løpet av dei to neste døgna.

Ifølgje orkansenteret i USA ligg den an til å bli ein stororkan - kategori 3 eller høgare. Den vil dermed bli i stand til å gjera både menneskelege og materielle skadar (sjå informasjonsboksen til høgre).

Meksikansk ferieparadis i faresona

Det er venta at tropestormen vil føra med seg kraftig regnvêr, minst 25 mm i Honduras og dobbelt så mykje over Cayman-øyane.

Før helga kan stormen koma til å buldra inn over Belize og den meksikanske halvøya Yucatán, som i 2005 blei svært hardt råka av orkanen «Wilma.»

Turistmagneten Cancún blei nærmast utsletta då den nådelause orkanen slo inn over ferieparadiset.

Meir uvêr enn normalt

Så langt i årets orkansesong har fem stormar gått over til orkan styrke: Irene, Katia, Maria, Ophelia og Philippe.

Rina er dermed orkan nummer seks, som var det venta talet på orkanar denne sesongen.

Før årets sesong tok til, kalkulerte ekspertar ved Colorado State University at det ville bli ein meir aktiv sesong enn vanleg, ifølgje Reuters. Ein gjennomsnittleg sesong fører med seg 11 stormar, seks orkanar og to store orkanar (kategori 3 eller sterkare).

Uvêret som den siste tida har råka Mellom-Amerika har teke livet av meir enn hundre menneske, blant anna 36 i Guatemala, 34 i El Salvador og 18 i Honduras, ifølgje NTB.

Den atlantiske orkansesongen 2011 starta den 1.juni og sluttar den 30.november.

Stormen Rina

Orkanen Rina er den sjette orkanen i Atlanterhavet så langt i år.

Foto: National Hurricane Center, USA / NHC

SISTE NYTT

Siste nytt