Målet med den omstridde obduksjon var å få svar på kva som faktisk skjedde med Gaddafi den 20.oktober, då han vart fanga og drepen av overgangssoldatane i Libya.
Gaddafi døydde som følgje av eit skotsår i hovudet, opplyser patolog Dr. Othman al-Zintani til nyheitsbyrået AP søndag.
- LES OGSÅ: Set foten ned for Gaddafi-obduksjon
– Alt blir offentleg
Rettsmedisinarane utførde likopninga på eit likhus i Misrata søndag, same dagen som Det nasjonale overgangsrådet (NTC) har varsla at dei vil koma med ei fridomserklæring.
Bileta av Gaddafi etter at han vart fanga den 20.oktober viser at han hadde eit tydeleg skotsår på venstre sida av hovudet. Dette skotet var det utslagsgjevande for eks-diktatorens død, ifølgje patologen al-Zintani.
Statsadvokaten må godkjenna den fullstendige rapporten før den blir tilgjengeleg for ålmenta.
– Men alt vil bli offentleggjort. Me vil ikkje skjula nokonting, seier ein obduksjonslege som Reuters har snakka med.
Til offentleg skue
Lokale styresmakter opplyser at kroppen til Gaddafi no vil bli frakta tilbake på kjølerommet til ein slaktar i Misrata, der han har lege til offentleg skue sidan han vart drepen torsdag denne veka.
Den mellombelse regjeringa i Libya har bestemt at liket vil bli overlevert til flernare slektningar av Gaddafi, ettersom hans næraste familie ikkje er til stades i Libya for øyeblikket.
- LES OGSÅ: – Gaddafis lik overleveres familien
Brutal behandling
Kritikken har hagla mot Libya etter at det lak ut bilete og videomateriale som viste ein blodig, men levande Gaddafi som fekk brutal behandling frå overgangssoldatane. Seinare kom det nye bilete av liket som blir trampa på og slept rundt i gatene.
Gaddafi skal ha med andre ord ha vore såra, men framleis i live då han vart teken til fange i heimbyen Sirte, nordaust i Libya.
Omstenda kring hans død er uviss, men mykje tyder på at den forhatte eks-despoten blei lynsja av soldatar - i strid med befalinga frå Det nasjonale overgangsrådet (NTC), som ønskte å stilla Gaddafi for retten.
FN krev fakta på bordet
FN har stilt krav om at dei nye makthavarane i Libya går går Gaddafis død nøye etter i saumane.
- LES OGSÅ: Gaddafi-disipler på frifot
Obduksjonen skulle etter planen skje laurdag, men leiarane for det militære rådet i Misrata sette ned foten for dette.
– Det blir ingen obduksjon, korkje i dag eller nokon annan dag, sa talsmann for det militære rådet i Misrata, Fathi al-Bashaagha til nyheitsbyrået AFP.