Fredag morgon (lokal tid) ville New York-politiet (NYPD) jaga vekk dei mange demonstrantane som har slege leir i finansdistriktet på nedre Manhattan i New York.
Men «Okkupér Wall Street» lèt seg ikkje rokka. Rørsla mana til motvilje, og sat i gang både ein vaskedugnad og ei massiv mobilisering for å hindra utkastinga - og lukkast med det.
- LES OGSÅ: 129 Wall Street demonstranter arrestert
Stor jubel
Då tida for utkasting var inne, fekk nervøse demonstrantar følgjande melding frå kontoret til borgarmeisteren i New York:
«Etter ønskje frå eigarane av Zucotti-parken er den planlagde ryddinga utsett. Kravet om politiassistanse for å få gjennomført ei opprydding på staden er mellombels trekt tilbake» .
Avgjerda utløyste stor jubel blant dei oppimot 700 menneska som hadde tilbrakt natta i okkupasjonsleiren.
Vaskedugnad i siste time
I om lag tre veker har rørsla «Okkupér Wall Street» demonstrert mot finanssektoren og den økonomiske situasjonen i USA på nedre Manhattan i New York.
Det som starta med nokre få demonstrantar, har gått til å bli ei massiv rørsle på tusenvis av tilhengarar. Rundt 600 av dei har slått leir i Zucotti-parken - i hjartet av finansdistriktet. Dei har ordna seg med matboder, infosenter og sjukestove, og brukar buskar og lokale restaurantar til toalettbesøk, noko naboane set liten pris på.
- LES OGSÅ: «Occupy Wall Street» sprer seg
Som eit siste forsøk på å unngå lovens lange arm, sat dei natt til fredag i gang ein vaskedugnad i okkupasjonsleiren.
På mørke natta, utstyrte med såpevatn og feiekostar gjorde okkupantane eit forsøk på å få plassen til å skina, slik at politiet ikkje lenger skulle ha grunnlag for å få dei fjerna.
– Me ryddar opp etter oss sjølve. Det spring ikkje akkurat rotter og kakkerlakkar rundt her, seier Bailey Bryant (28), som jobbar i Manhattan bank og tek del i demonstrasjonane etter arbeidstid og i helgene.
– Nok er nok
Om ikkje vaskinga skulle fungera, var kampviljen framleis sterk natta før utkastingsfristen:
«Nok er nok. Dette er eit forsøk på å kvitta oss for godt», skreiv OWS på nettsidene sine etter beskjeden mo utkasting, og bad tilhengjarar om å strøyma ut i gatene og å stå saman mot politiet.
«For de av dykk som ønskjer å bidra - som me håpar alle vil - ver sikre på at de har forstått dei potensielle konsekvensane det kan få. Ver budde på lite søvn. Ver budde på arrestasjonar», står det vidare på nettsidene til OWS.
Får ikkje ta med soveposane
Det var borgarmeisteren i New York, Michael Bloomberg, som gav ordre om å få orden i parken, etter klager frå naboar og eigaren av parken.
Bloomberg forsikra okkupantane om at dei kan returnera etter oppryddinga, men politisjefen i NYPD var mindre velvillig:
– Etter at plassen er rydda og vaska, kan demonstrantane komma tilbake. Men soveposane og anna utstyr må dei leggja att heime, seier Ray Kelly til nyheitsbyrået AFP.
- LES OGSÅ: Flere hundre pågrepet i New York
Demonstrantane på Wall Street har ikkje kunngjort felles målsettingar for protestane, men dei protesterer mot finanssektoren, og mot arbeidsløysa og dei aukande klasseskilnadene i USA.